KONRADLØPET 2026: Kvinnefleirtal i hovudløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 2. mai 2026
Vi hadde ei kjensle av at kvinnene var sterke i år, og den var rett.
Konradløpet er spesielt på mange felt. Eitt av desse felta, og som har eksistert heilt sidan starten i 2002, er at deltakartalet på kvinner og menn har vore ganske så likt. I fjor var det flest menn under Konradløpet, men i 2026 kom revansjen. Her er tala, og vi presiserer at dette er tal som ligg på EQ-timing, basert på innloggingar frå arrangøren
Fullførande utan tid:
Menn: 24
Kvinner: 46
Fullførande med tid:
Menn: 125
Kvinner: 109
Totalt Fullførande (med og utan tid)
Menn: 149
Kvinner: 155
Altså 304 fullførande i 2026. Seks fleire kvinner enn menn. Utruleg fine tal!
Kan røpe at den tida Sykkylven Halvmaraton var på det heitaste (forrige århundre), var det heilt normalt at kvinnene utgjorde ca 10 prosent av deltakartalet.
NB! Jenter er her rekna under kvinner, gutar under menn
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026