15.mai: Hol-Elling fyller 85
Postet av Atle Jomar Hole den 15. mai 2026
I dag rosar vi Elling Ivar Hole – «Kongen av Myrdalsfjellet», som passerer 85 år 15.mai.
Eit fåtal av oss får oppleve å bli 85 år på stigande «kurs», slik Elling Ivar Hole gjer. Aldringsprosessen synest å ha stogga. Det er ikkje så reint lite «Mons-Konrad» over Hol-Elling. Men no skal vi ikkje dvele ved det. Konradløpa er over for dette året.
Sidan denne sida er eit organ for Velledalen IL, tek vi fatt på starten:
STARTEN. I fylgje møteboka fekk Elling sitt fyrste verv i Velledalen IL i 1975. I marknadsnemnda. Og han vart attvald i 1976. Der står skrive:
- Elling Hole og Karl B.Lade fekk i oppdrag å skaffe gevinstar til tombola og bingo.
5. desember 1976 kom Elling Hole inn i Velledalen IL sitt hovudstyre, under eit godt besøkt årsmøte:
- Om lag 35 stk hadde møtt fram, seier møteboka.
Ved konstitueringa av det nye styret, enda Elling opp som skrivar, som det heitte den gongen. Hallstein Ånes, senior, var formann (leiar).
SMAK PÅ DET SPORTSLEGE. Eldste guten til Ingrid og Elling, Roger Malvin, byrja i faren si «sekretær-tid» få interesse for skisport (langrenn). Slik kom også Elling i kontakt med den aktive idretten som «servicemann». Og sidan karar som Kaspar Fet, Karl B. Lade og Leiv Drotninghaug – ein gong i året – tok på seg konkurranseantrekket og gjekk til skimerket, kunne ikkje Elling vere ringare. Og Elling utvida også til idrettsmerke, som kom som ein mild farsott kring 1980. Og tidleg på 80-talet fekk Elling også impulsar frå fotballen, der dottera Line hadde utvikla seg til å bli ein frykta høgreback på VRF sitt damelag. Idretts-kompetansen flaut inn i Hol-Elling frå alle kantar, på denne tida
BILSPORT. Men Elling tok ikkje av. Ikkje på 1900-talet i alle fall. Det var Ingrid som var den vaksen-spreke i familien, kjend som ein særdeles flittig tur-gårar. Men Elling hadde det nok i genane. Mora, Hol-Lina, var svær å gå, og ikkje minst søstrene Kjellaug og Ingunn. Vi veit ikkje, men det vert sagt at Elling har brunne inne med eit talent han aldri har vist offentleg. Aller helst var det bilkøyrar (rally) han ville blitt. Det vert sagt at han på Møre Trafo gjekk under kallenamnet Niki Lauda – ein austerrisk racerbil-køyrer. Eit namn han fekk sidan han hadde ei heller røff framtoning når han slapp til på ein truck.
Elling hadde ein gong ein Volkswagen Variant. Eg har høyrt nemnt at å køyre den det «remmer og tøy kunne halde» frå Hau-garasja til sætreelva i Holemarka – både på vinter- og sommarføre – i yngre år var ein draum som aldri vart realisert. Såleis tok han aldri ut potensialet sitt i den «greina», men ei og anna bot har han fått oppgjennom.
«KONGEN AV MYRDALSFJELLET». Eigentleg veit vi lite om når det snudde. Men tittelen «Kongen av Myrdalsfjellet» hadde han aldri hatt, om det ikkje kom ein snunad. Men faktum er at Elling har vorte meir eller mindre fast trimpost-vinnar på posten. Frank Hole prøvde eitt år konkurrere mot han, men det var uråd. Han ikkje berre vinn posten på Myrdalsfjellet, men er stort sett fast inne mellom topp-10 samanlagt. Og dei som kjem dit, går mykje. Og ikkje minst; som 84-åring var Elling ein av særs få som var på alle 15 postane til Velledalen IL same år.
Eit år konkurrerte eg hardt med nokre kvinnfolk om tittelen i skogsvegen Hjorthol. På ein av desse turane trefte eg Elling:
- Skal du på Koppen, spurde han.
- Nei, det vert nok berre skogsvegen Hjorthol, svara eg.
- Åh, det er no berre ein kjerringtur det, repliserte Elling.
Velledalen IL set pris på deg Elling. Du er ungdommeleg i rørslene og møter opp der det skjer. Og framleis nyfiken på livet. Ein god eigenskap!
Atle Jomar
1 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026