KM halvmaraton: Fin VIL-tropp til Vartdal
Postet av Atle Jomar Hole den 22. Mai 2026
26 timar før løpsstart hadde Velledalen IL fem påmelde halvmaraton og to på 10 km.
Fredag morgon klokka 09.00 kunne arrangøren slå seg på bringa over flotte 261 påmelde, eit tal som truleg vil bli enno litt høgare fram mot løpsstart pinseaftan klokka 11.00.
Dei ulike distansane har slik påmelding:
58 stk: Trimløp rundt dalen
70 stk: 10 km
133 stk: Halvmaraton
KM halvmaraton for Møre og Romsdal er lagt inn under løpet på Vartdal – i år som i fjor. I 2025 deltok tre løparar frå Velledalen IL under KM. Då vart det KM-gull til Jan Ketil Vinnes (M 55-59) og Bjørn Arve Brune (M 60-64), sølv til Per Inge Bjørnestad.
I morgon stiller Velledalen IL denne KM-troppen:
K 35-39: Malin Berge
M 40-44: Sverre Kjerpeset
M 55-59: Jan Ketil Vinnes
M 60-64: Bjørn Arve Brune
M 65-69: Eldar Sindre Valkvæ
Kommentar: Her ligg det an til fem medaljar. Dei tre super-veteranane (Jan Ketil, Bjørn Arve og Eldar Sindre) er alle storfavorittar til kvar sin KM-tittel. For Sverre og Malin vert konkurransen tøffare. Begge får ørstingar som sine tøffaste konkurrentar. Terje Rebbestad er nok favoritt i klassa til Sverre om han held tidlegare års nivå. Malin er nok knapp favoritt, men skal passe seg for Åse Apelseth Skaare, som sprang halvmaraton på 1.31-talet i Bergen tidlegare i vår.
Velledalen IL sine løparar på 10 km på Vartdal:
Frank Andersen M 35-39
Alf Petter Bøe M 55-59
Ludvig With var påmeld, men har klokeleg nok meldt seg av, sidan han ikkje kjende seg trygg på at den tidlegare skaden ville halde ein røff 10 kilometer
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Fridtjof Fredriksen: Ein rakrygga 60-åring!
21.05.2026
Husk helårslisens for 2026!
19.05.2026