Sverre-Gunnar viste styrke før maraton-NM
Postet av Atle Jomar Hole den 24. mai 2026
Imponerande Perseløp av Sverre Gunnar Brunstad fire veker før NM heilmaraton i Tromsø.
Vi mistenkjer Sverre Gunnar Brunstad om å bruke Perseløpet – arrangert av Feiring IL – som ein test av eiga maratonfart fire veker før NM. Som i år går i Tromsø, lagt inn under Midnightsun Marathon. Der er nemleg Sverre Gunnar påmeld, som den einaste frå Velledalen IL hittil. Medaljekandidat som siste års løpar i M 55-59.
Perseløpet går i ei ganske lett og flat løype. Halvmaratonløpet har ikkje mindre enn tolv strekk, med strekktider på alle. Er nokon så interesserte at dei går inn på Sverre-Gunnar sitt løp, vil dei finne:
Raskaste strekktid: 4.02 per km
Seinaste strekktid: 4.05 per km
Og ei slik gjennomføring, det krev disiplin og det krev sin mann fullt ut.
HALVMARATON, PERSELØPET; UANSETT KLASSE – arr. 24.mai 2026:
- Snorre Gudding, Frol IL, 1.19.27 (M 40-44)
- Sigurd Syrdal, Gjensidige, 1.22.44 ( M 50-54)
- Sverre Gunnar Brunstad, Velledalen IL, 1.26.08 (M 55-59)
- Nikoline Haugen, Oslo, 1.27.33 (K 20-34) – beste kvinne
- Anders Arvesen, TOSK, 1.28.43 (M 40-44)
- Lars Malm Justad, Heming IL, 1.30.17 (M 40-44)
- Bjarte Hjorthaug, Skedsmo Skiklubb, 1.33.57 (M 45-49)
- Thomas Olsvik, SK Rollon, 1.39.44 (M 45-49)
- Ole Gandrud, Røysa, 1.39.51 (M 60-64)
- Jomar Johansen, Kastellkroken, 1.39.52 (M 45-49)
Ikkje overraskande vart Sverre Gunnar klassevinnar av klasse M 55-59.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026