Fotball: Lokal-derby på Dalemyra
Postet av Atle Jomar Hole den 27. mai 2026
Torsdag 28.mai klokka 18.30 møtest Sykkylven – Stranda til dyst om seriepoeng på Dalemyra.
Kampen mellom Sykkylven IL og Stranda IL er altså lokal-oppgjer i 5. divisjon i Sunnmøre Fotballkrets. Før kampen har Sykkylven IL 10 poeng og ein målskilnad på 9-10. Stranda har 8 poeng og 14-20 i målskilnad. Det er venta eit nokså tett oppgjer. Normalt ville Sykkylven IL vore knapp favoritt på naturgras på heimebane, men rykta seier at den sterke stopparen Bendik Hole Alnes må stå over grunna ei samling på fire gule kort hittil i sesongen. Stemmer det, kan vi slå fast at heimelaget er vesentleg svekka.
Viktig å få med seg:
Dato: Torsdag 28.mai
Tidspunkt: Avspark klokka 18.30
Velledalen IL har kiosksal under kampen. Støtt opp om dette!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026