Constantin spring Fornebuløpet i kveld
Postet av Atle Jomar Hole den 27. mai 2026
Stormønstring med over 3000 deltakarar med distansar på 3 km, 5 km og 10 km.
Det har vore nokså stille frå Constantin siste tida. Faktisk heilt sidan 11. april, då han sprang 10 km på 31.00 – ny klubbrekord for Velledalen IL – i Drammen. Men i kveld (27.mai) stiller han på same distanse under Fornebuløpet. I ei løype som er rekna som litt meir krevjande enn Drammen. Og det gjer han saman med 375 andre i klasse M 23-34. Løpet over 10 km har totalt 1926 påmelde klokka 09.30 løpsdagen. Løpsstart for Constantin er 19.15.
Fornebuløpet har distansane 3 km, 5 km og 10 km. I tillegg finst der eit barneløp og ein lagkonkurranse.
Hald deg orientert på VIL-nettsida!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ecotrail Oslo: Constantin stiller
29.05.2026
FORNEBULØPET: Resultat 10 km
28.05.2026