Ecotrail Oslo: Constantin stiller

Postet av Atle Jomar Hole den 29. mai 2026

 

I 2025 vann han distansen over 31 km i dette løpet. Kan han greie det same i år…?

 

Ecotrail Oslo er eit urbant og miljøbevisst terrengløp i den bynære marka. Målgang er ved stranda på Huk, Bygdøy. Distansane er mange, nemleg 80 km, 50 km, 31 km, 21 km, 10 km og «nordic walk» (populært med engelsk i hovudstaden). I fjor vann Constantin distansen på 31 km på tida 2.01.05, føre Sigurd Lund Røer på 2.02.12. Og nettopp denne Røer, var av Constantin sine hardaste konkurrentar i det nyleg avvikla Fornebuløpet, der vår mann vart nummer tre av over 2000 påmelde på 10 km.

 

Nyleg skreiv VIL-nettsida at det hadde vore relativt stille kring Constantin Moses Rust denne våren, unnateke eit praktløp på 10 km i Drammen. Då kom det fylgjande melding tilbake:

  • Takk for fin omtale på heimesida!
  • Blir ikkje fullt like stille frå meg fram mot juli. Forma er bra, men er litt sliten – så må jakte overskot framover. Spring ecotrail 30 km laurdag, truleg Fyr til Fyr den 20.juni, Moseby 3000 meter helga etter, og Hornindal Rundt (halv distanse, 38 km) første helga i juli.

 

Altså eit nytt beinhardt løp for Constantin denne helga. Ei helg der VIL-utøvarar skal «krige» på ei rekkje frontar. Forutan ecotrail Oslo dreier det seg om Molde 7 topper, Farsund NM halvmaraton og Sørestrandmila. Hadde nesten gløymt Hyrox i Riga for Anette i morgon. Heftig! Helga etter står Ålesund Maraton for tur.

 

God helg til alle – og aller mest til dei som skal i aksjon for Velledalen IL!


Logg inn for å skrive en kommentar.