Sørestrandmila: Leichty-søstrene med størst negativ split

Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026

 

I løp med to like rundar, vert det å ha negativ splitt, av somme sett på som eit kvalitets-stempel.

 

Sørestrandmila sin 10 km var eit slikt løp, der det vart sprunge 2X5km. Det normale hjå dei fleste er at runde ein går noko raskare enn runde to. Men det vil alltid finnast personar som opnar litt moderat, for så å trykkje til med alt ein har på den siste. Går runde to i eit slikt løp raskare enn runde ein, seier ein at utøvaren har «negativ splitt».

 

Under Sørestrandmila sin 10 km laurdag 30.mai, hadde åtte løparar negativ splitt. Og lista over negative splittar vert toppa av søstrene Leichty, med førenamn Mari og Ingvild. Dei gjorde eit parløp der andre-runden gjekk heile eitt minutt og 36 sekund raskare enn den fyrste. Ein negativ splitt så det susa, og ein indikasjon på at dei har meir inne enn slutt-tida 53.18 fortel.

Her er lista over negative splittar under Sørestrandmila sin 10 km:

1. Ingvild Leichty 27.27 + 25.51 = negativ splitt på 96 sekund

1. Mari Leichty 27.27 + 25.51 = negativ splitt på 96 sekund

3. Torstein Veum, Aurland IL, 19.46 + 18.36 = negativ splitt på 70 sekund

4. Ronny Johansen, Stranda, 22.28 + 21.59 = negativ splitt på 29 sekund

5. Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 20.16 + 19.52 = negativ splitt på 24 sekund

6. Vegard Eid, Langevåg IL, 25.23 +25.02 = negativ splitt på 21 sekund

7. Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 21.49 + 21.30 = negativ splitt på 19 sekund

8. Christer Sylte, Molde 18.55 + 18.50 = negativ splitt på 5 sekund

 

Hadde Sørestrandmila sin 10 km vore eit «Null-løp», der poenget er å springe to rundar på mest mogleg lik tid, hadde Gry Bakke Payling vorte vinnar. Ho hadde eit avvik mellom rundane på 4 sekund (førsterunden raskast), mot Christer Sylte sine fem sekund i avvik. Litt artig at ulike løpsformer kan gi heilt ulike vinnarar. Nulløp har vore ei mykje nytta konkurranseform i Velledalen opp gjennom åra, der ein tek fokuset vekk frå å vere raskast etter klokka, men dyrkar det å halde jamnast fart. Kanskje kunne det blitt meir vanleg å premiere god løpsdisponering. I denne reportasjen har dei i det minste  blitt nemnde med namn.


Logg inn for å skrive en kommentar.