Treningsmelding frå modne, morgonfriske menn

Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026

 

Veterankvartetten starta frå småbåt-hamna klokka 09.00

 

Dei ligg ikkje på latsida, veteranløparane til Velledalen IL. I går sprang dei Sørestrandmila, og i dag tidleg brann det slik i føtene at dei måtte ut på ny tur. Mest ein kosetur, sidan vêret var nær perfekt.

Somme vil kanskje lure på namna til desse rastlause sjelene. Og det er slett ikkje hemmeleg, de kan til og med få vite kva årsklasse dei spring i:

Fridtjof Fredriksen – nyslegen 60-åring (M 60-64)

Svein Arne Nakken – relativt nyslegen 60-åring (M 60-64)

Per Inge Bjørnestad (M 55-59)

Trond Bonesmo (M 55-59)

Stian Hole (M 50-54)

 

I tillegg har dei sendt med dei vakraste foto frå naturen på strekninga dei har lagt bak seg. Og komande laurdag (6.juni) er dei klare for nye sprell, i Ålesund (Ålesund maraton).

Jau då, sjølv desse karane pustar tyngre enn då dei var yngre, men ingen kan ta frå dei at dei i det minste; lever ungt, friskt og offensivt!


Logg inn for å skrive en kommentar.