Sørestrandmila: Sterkt milløp av Marita
Postet av Atle Jomar Hole den 2. jun 2026

Med tida 47.18 har Marita Andreassen beste kvinnetid i Velledalen IL hittil i 2026-sesongen.
2025-sesongen vart skadeplaga for Marita Andreassen. Ho trena likevel godt, men mykje alternativt. Såleis vart det få løp fyrste del av sesongen, men ho kom stadig sterkare mot slutten av sesongen og leverte faktisk sine beste løp i desember 25.
Klubben har notert desse bestetidene på Marita i 2025:
14.09: 3 km landeveg - Sørestrandmila (sept)
23.23: 5 km landeveg - Vinterkarusell Ålesund (desember)
1.48.09: Halvmaraton – Nyttårsmaraton Ålesund (desember)
Ingen tider notert på 10 km i 2025.
Men 30.mai sette Marita skåpet på plass vedkomande 10 km. I Straumgjerde passerte ho halvvegs på 23.21 – og merk; det er to sekund betre enn årsbestetida frå 2025 på 5 km. Ho stod distansen godt og gjorde 23.57 på siste fem, slik at slutt-tida vart 47.18. Og det er faktisk beste kvinne-tid hittil i 2026 i Velledalen IL på 10 km. At Marita, som spring i klasse K 50-54 denne sesongen, har noko på gang, viste ho også i Konradløpet. Der sette ho 1.mai ny personleg rekord med tida 20.57. Den tidlegare bestetida var frå 2019 og lydde på 21.04.
Så nemner nettsida at hadde Marita vore i Farsund og delteke under NM i halvmaraton, hadde tida hennar frå Nyttårsmaraton 2025 på 1.48.09 halde til bronsemedalje (K 50-54), 1.03 bak sølvmedaljen. Og slik forma er no, hadde ho truleg vore god for betre enn 1.48.09.
Nettsida skal ikkje nemne kvar og når, men vi veit at Marita syslar med tanken om heilmaraton-debut i løpet av sesongen. Held ho seg skadefri og i noverande form kan vi sjå fram til eit «run on the high» for Marita.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ålesund Maraton: Fyldig tropp frå Ekornes
04.06.2026
Kort løype: Holmestrand, ikkje Valencia
04.06.2026