Ørsta Fjellmaraton: Kjell Magnar vann halvmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 7. jun 2026

Hege Ringdal, Sunnylven IL og Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, vann halvmaraton i Ørsta.
Sist helg var Hege Ringdal i aksjon under Sørestarndmila der ho sprang 10 km, medan Kjell Magnar var i Molde og sprang Molde 7 topper.
Laurdag 6.juni var begge i Ørsta som deltakarar under Ørsta Fjellmaraton. Og begge hadde suksess. Sunnylven-kvinna vart best på distansen halvmaraton, med tida 02.23, som hadde halde til ein framifrå 9.plass i herreklassa.
Kjell Magnar vart beste sunnmøring i Molde. I Ørsta slo han heile hurven og vart han totalvinnar på distansen halvmaraton med tida 02.04. Godt levert, i ei tøff tid!
RESULTAT, HALVMARATON, HERRAR – 33 fullførande:
- Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 02.04
- Helge Wangberg, Agina IF, 02.07
- André Haugsbø, Gaular IL, 02.09
- Mats Buset, klubblaus, 02.12
- Christian Brurås, Ørsta, 02.13
- Truls David Tytingvåg, Hardbagg IL, 02.18
24. Oskar Bakken, Sykkylven, 02.44
27. Erik Skotheim, Sykkylven, 02.47
Somme vil stusse over tidene i dette løpet. Ørstingane har si eiga tidsrekning, utan sekund. Slik at når dei i resultatlista operere med 02.04 på Kjell Magnar, betyr det 2 timar og fire minutt. Og for dei to andre sykkylvingane som deltok betyr det:
Oskar Bakken: to timar og 44 minutt
Erik Skotheim: to timar og 47 minutt.
Finfin trening for Oskar, som seinare i sommar skal springe 38 km fjell-løp i Hornindal. Det skjer fyrste helga i juli.

Hege Ringdal, Sunnylven IL frå Sørstrandmila 30.05.26
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026