Ålesund Maraton: Fjør i hatten for Maciej!
Postet av Atle Jomar Hole den 7. jun 2026
Vart noko overraskande beste Velledalen IL-løpar på halvmaraton i Ålesund.
Maciej Decyk vart best av Velledalen IL sine løparar på distansen halvmaraton i Ålesund laurdag 6.juni. Kanskje overraskande for somme. Men Maciej har trena godt i lang tid. Ofte tidleg om morgonen. Men sidan han har konkurrert relativt lite, visste dei færraste kva han stod for.
I Ålesund trefte han godt med disponeringa og gjennomføringa av løpet. Med tida 1.31.46 vart han beste utøvar frå Velledalen IL. Og sidan Maciej no er komen opp i klasse M 50-54, heldt det til ein fantastisk flott 3.plass. Totalt vart han nummer 53 av kring 525 fullførande på distansen! Og tida er så god, at det er håp om å kome på Kondis sin veteran-statistikk over gode tider i Noreg sesongen 2026.
Svært, svært bra levert, Maciej!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026