Birken-laurdag: Minst fem frå Velledalen IL stiller
Postet av Atle Jomar Hole den 11. jun 2026
Arkivfoto
Over 100 sunnmøringar spring Halv-Birken, Birkebeinerløpet eller Birken Fjellmaraton komande laurdag.
Gledeleg mange lokale vert på plass på Lillehammer laurdag 13.juni. Det er vanskeleg å finne alle, då eit stort tal ikkje representerer noko idrettslag. Flest finn ein om ein søkjer på postadressene Ålesund, Ulsteinvik, Volda, Ørsta med fleire. Flest ser ut til å vere påmelde det ordinære Birkebeinerløpet på 21 km, men store hordar gir seg også i kast med Birken Fjellmaraton eller Halv-Birken.
Velledalen IL sin tropp:
HALV-BIRKEN:
Ingen deltakarar funne
BIRKEBEINERLØPET:
Roger Malvin Hole – M 60, pulje 5 med start klokka 11.25 – startnummer 1295
Jan Ketil Vinnes – M 55, pulje 2 med start klokka 11.10 – startnummer 686
BIRKEN FJELLMARATON:
May Evy Nesheim – K 50, pulje 1 med start 08.30 – startnummer 30 261
Ola Aage Nesheim – M 50, pulje 1 med start 08.30 – startnummer 30 262
Sverre Kjerpeset – K 40, pulje 1 med start 08.30 – startnummer 30 472
Meld gjerne frå (atlehole@online.no) om nokon veit om fleire som representerer Velledalen IL.
Frå Stranda deltek Anders Hellevik og Rigmor Opsvik. I tillegg spring ein utflytta strandar, Linda Hovde, Birken Fjellmaraton. Son hennar, Gaute Skar-Hovde, er påmeld same løp, så her kan det bli ein mor/son-duell. Linda representerer no Steinkjer Friidrettsklubb.
Nettsida ynskjer alle som skal i aksjon lukke til, med håp om gode forhold også for dei seint-startande!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026