Birkebeinerløpet: Fantastisk 2.plass til Jan Ketil
Postet av Atle Jomar Hole den 13. jun 2026
Jan Ketil Vinnes vart nummer to i det 21 km lange Birkebeinerløpet i klasse M 55-59. Sju sekund bak vinnaren.
På fyrste meldepost lag Jan Ketil som nummer fem, 1.03 bak Kjell Vegard Øygard, som seinare skulle vise seg å bli klassevinnar. På meldepost to, hadde Jan Ketil hoppa opp på 2.plass, fattige 22 sekund bak Opheim. På meldepost tre var vår mann ni sekund bak, på meldepost fire var avstanden framleis ni sekund. I mål sklide det fattige sju sekund.
Dette var heilt sikkert moro, Jan Ketil:
Dei beste , Birkebeinerløpet, klasse M 55-59:
- Kjell Vegard Opheim, Brumunddal, 1.25.36
- Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL, 1.25.43
- Rune Svartvadet, Hamar Skiklubb, 1.26.29
- Arild Hagesveen, Oslo, 1.27.10
- Geir Øvergård, Trysil, 1.27.27
- Ole Gorm Berg, Lørenskog FIL, 1.29.09
- Ulf Brenna, Idrettslaget TRY, 1.30.12
- Bent Inglingstad, Tollernes IL, 1.31.00
Mannen på 6.plass har minst eit par gonger vore utlånt frå Lørenskog FIL til Velledalen IL under Holmenkollstafetten. Ole Gorm Berg har alltid levert under desse utlåna, så ein dyktig løpar. Men dett var Jan Ketil sin store dag. Eit sikkert prov på at han held høgt nivå i sin alder.
Flott levert!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Orientering: Resultat frå o-sprinten i Stryn
15.06.2026
Støtta løp
13.06.2026
Birken Fjellmaraton: Sverre nr 26 i M 40-49
13.06.2026