Rapport frå Nordfjord feriesenter (Stryn leirskule)

Postet av Atle Jomar Hole den 13. jun 2026

 

Mot knallhelg for Velledalen IL sine o-løparar. Gode prestasjonar og pengar til kart.

 

Nettsida har tidlegare meldt at o-gruppa har fått melding om 78 000 kroner i spelemidlar til nye o-kart for området Fjellsætra.

Fire VIL-utøvarar feira denne gladmeldinga med samling/løp i Stryn. Ungdomane Sofie Fløttum Fauske, Sigurd Linga og Mikkel Ibsen Lervåg hadde med seg Pernille Ibsen Lervåg som leiar.

 

Laurdagen starta med ei o-teknisk økt på morgonkvisten, etterfølgd av kretsløp langdistanse etter lunsj. Mikkel og Sigurd vann kvar sin klasse, medan Sofie og Pernille tok kvar sin 2.plass. Med andre ord ein god dag i skogen for Velledalen IL.

      

RESULTAT FRÅ KLASSENE DER VELLEDALEN IL HADDE UTØVARAR:

A-mellom, 4900 meter – 13 startande:

  1. Olina Svarstad Heggdal, Markane IL, 47.28
  2. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 49.12
  3. Erlend Husevåg-Lobben, Førde IL, 49.48
  4. Ann Kristin Kusslid, Førde IL, 51.19
  5. Brita Svarstad Heggdal, Markane IL, 53.13

 

A-kort, 3300 meter – 6 startande:

  1. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 31.49
  2. Margaret G. Gjerdahl, Emblem IL, 35.58
  3. Anne Marie Svarstad, Markane IL, 41.13
  4. Oline Ramstad Bjørshol, Emblem IL, 42.03

 

C-løype, 3200 meter – 13 startande:

  1. Sigurd Linga, Velledalen IL, 25.45
  2. Sofie Fløttum Fauske, Velledalen IL, 39.01
  3. Eira Sveen Hatledal, Markane IL, 49.11
  4. Malene Lien Molland, Sogndal IL, 50.19
  5. Tiril Veka Brath, Markane IL, 55.42

 

Seinare laurdag vart det ei ny teknisk økt, før avslutning med myrfotball. Sundag 14.juni ventar ei o-teknisk økt, og deretter o-løp (sprint) i Stryn sentrum. Med andre ord; mykje god og nyttig trening å hente i Stryn. I alt deltek 22 ungdomar frå Møre og Romsdal og tidlegare Sogn og Fjordane på samlinga. Om lag dei same vert samla til ny samling/løp i Sogndal 1-5.juli

 

PS. Sigurd starta i dag ut samtidig med Maren Hjelmeset Kirkeide (OL-vinnar skiskyting). Ikkje i same klasse rett nok, men hadde Pernille hatt mobilen i nærleiken då, hadde det blitt foto av dei to saman på startstreken!

 


Logg inn for å skrive en kommentar.