Maraton-NM: Sverre Gunnar nummer tre

Postet av Atle Jomar Hole den 21. jun 2026

                    Arkivfoto


Sverre Gunnar Brunstad greidde bronsen under NM maraton klasse M 55-59 i Tromsø på kveldstid laurdag 20.juni.

 

Midnight Sun Maraton heiter det i Tromsø og startar klokka 20.30 på kvelden. Sjølv om vi er ganske sikre på at Sverre Grunnar Brunstad ikkje ofra midnattssola ein tanke. Han hadde anna å tenkje på under løpet, som gav desse resultata:

 

NM MARATON KLASSE M 55-59, TROMSØ LAURDAG 20.JUNI:

  1. Egil Tronstad, Spydeberg IL, 2.49.59
  2. Tom Dønnem, Tromsø Løpeklubb, 3.00.41
  3. Sverre G. Brunstad, Velledalen IL, 3.03.41
  4. Sigurd Eriksson, Trheim&Omegn Sportsklubb, 3.09.24
  5. Per A. Larsen, Lofoten Løpeklubb, 3.33.29

DNF: Erling Santi Falch, Lofoten Løpeklubb

DNF: Kai Morten Martinsen, Moelven IL

DNS: Odd Solvold, IL Runar

 

OM LØPET:

Den yngste i feltet, 54-åringen Egil Tronstad tok kommandoen frå  start og hadde ei trygg leiing alt halvvegs. Då låg eldstemann i feltet, Sverre Gunnar Brunstad (59) på 2.plass. Fyrst ved meldeposten etter 37,7 km datt vår mann ned på tredje plass, passert av den nest yngste i feltet, heimeløparen, Tom Dønnem (55). På dei siste kilometerane auka avstanden til tre minutt mellom Dønnem og Sverre Gunnar, som kom inn på 3.03.41

          Trøysta for Sverre Gunnar får vere at under neste års maraton-NM vert han yngst i klasse M 60-64. Den klassa vann Jostein Wie, Mosjøen IL, på 3.11.41, ei tid Brunstad-ekspressen truleg kan handtere rimeleg greitt om eitt år – om han vil.

 

 

VERDT Å MERKE SEG:

Når slike arrangement vert lagt «ute i distrikta», vert deltakinga ofte både dårleg og svak. Hadde Eldar Sindre Valkvæ vore der i klasse M 65-69 kunne han i dag omtala seg som NM-vinnar. I klasse M 50-54 var det stor mannefall slik at sølvet gjekk på nær fire timar. Like eins; hadde Marita lagt maraton-debuten til Tromsø og NM, hadde ho vore på pallen som sisteårs deltakar i klasse K 50-54. Slik er det berre. Det har vist seg før, og gjentok seg i Tromsø i går kveld – nordmenn let seg ikkje lokke av ei midnatt-sol som i beste fall er usikker.


Logg inn for å skrive en kommentar.