Malin Skage: Eit råskinn av ei kvinne
Postet av Atle Jomar Hole den 22. jun 2026
Ja, hoppar du på lengste distanse av Fyr til Fyr etter 10 månadar som løpar, er du nettopp det!
Det kan vere mange vegar til målet. Somme likar seg best til det ein kan kalle «norma», andre etter utradisjonelle stiar. Malin Skage er ei slik. Berre 10 månadar etter ho byrja med springing, melde ho seg på – og fullførte med glans – det 44 km lange Fyr til Fyr i Fosnavåg. Under særdeles krevjande forhold.
Malin har alltid vore ei aktiv jente. Fyrst fotball, så kampsport. Både taekwondo og etter kvart kickboksing. Ho har alltid vore glad i fjellet. Lange turar og høge turar.
- Løping har aldri tidlegare vore noko eg hadde tenkt eg skulle byrje med, eller at eg kunne bli interessert i, seier ho.
Men i september 2025 var Malin på Emblemsfjellet. Der tenkte ho å teste løping, sidan der er ganske så flatt med fine flyt-stiar på toppen. Og dermed var det eigentleg gjort. Dette likte ho, og særleg det å kunne kombinere det å vere på fjellet, med løp. Så frå hausten 2025 har det berre balla på seg:
- Kanskje var det litt overtenning, men alt i slutten av desember melde eg meg på Ålesund Nyttårsmaraton. Halvmaraton på asfalt (2.02.49). Og fann fort ut at heretter vart det fjell-løping for meg, fortel Malin.
Tidleg i april sprang ho Sjutoppsturen på Sandsøya, så vart det Sognefjord Trail Run tidleg i juni, før ho i helga fleska til med Fyr til Fyr på Søre Sunnmøre, lengste mogleg distanse på 44 km, i mosjonsklasse MED tidtaking. Og ho kunne trygt delteke i konkurranseklassa som sprang same løypa. Tida hennar (8.49.04), hadde nemleg halde til 29.plass av 50 fullførande kvinner. Eller nummer 11 av 18 kvinner i klasse K 23-34.
Kven er Malin? Ei ung kvinne som fyller 23 år i år. Har siste året hatt eit friår der ho har jobba. Har søkt seg inn på fysioterapeut-studiet, med håp om oppstart der i august. Og korleis var det Velledalen IL…? Det veit faktisk ikkje laget si eiga nettside sikkert, men faktum er:
Fyrste helga i juni 2026 dukka Malin plutseleg opp, med Velledalen IL bak namnet sitt. Under Sognefjord Trail Run. Saman med Nesheim-tvillingane, May Evy og Ola Aage. Heller ikkje der valde ho lettaste alternativet (kortaste løypa), men valde 27 km. Ei utfordring ho greidde med glans, og den største før Fyr til Fyr. Men vi mistenkjer paret Susan Gjerde/Frode Mauren for å ha med saka å gjere, men veit det ikkje.
Malin Skage har valt dei lange stega. Det mest normale er å starte i det små med korte distansar. Fyrst nokre løp over fem kilometer, så utvide til 10. For så å bygge vidare på eit halvmaraton etter 1-3 år. Men det vil alltid finnast raskaste vegar enn det mest normale. Ho har vore eit uredd og friskt pust i den sunnmørske løpsfloraen, og for Velledalen IL; ja der er ho rett og slett ei gåve!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Smånytt frå Velledalen IL
26.06.2026
Midnight Sun Maraton: Løypa var for kort
24.06.2026
Maria Fet Støtvig: Ei å vere stolt av!
22.06.2026