Jan Ketil Vinnes: Påmeld nordisk meisterskap for veteranar
Postet av Atle Jomar Hole den 24. jun 2026
Vert arrangert på Bislett fredag 3.juli.
Jan Ketil Vinnes sprengjer grenser. No har han meldt seg på 5000 meter baneløp på Bislett fredag 3.juli, under nordisk meisterskap for veteranar. Truleg den fyrste frå Velledalen IL under eit nordisk meisterskap. Og der vil han på ingen måte skjemme seg ut i klasse M 55-59. I ein kommentar til Nettsida seier han:
- Har ikkje løpt 5000 meter på bane før, og heller ikkje sprunget 5 km tidligere i år, så jeg er usikker på tiden. Tror 17.45 kan være innenfor rekkevidde.
Jan Ketil har allereie ei rekkje sterke prestasjonar bak seg sesongen 2026. Høgast rangering gir vi 2.plassen under Birkebeinerløpet i klasse M 55-59, fattige sju sekund unna klassesiger. Vidare vann han KM halvmaraton på Vartdal i klasse M 55-59, der han slo ein så sterk løpar som Bjørn Ole Vassbotn frå Volda T&IL. Vidare var han best over 50 år i Konradløpet, i tillegg til ei rekkje andre sterke prestasjonar. Bestetidene vi har registrert på Jan Ketil hittil i 2026 er:
3 km landeveg: 10.25
10 km landeveg: 37.18
Halvmaraton: 1.23.00
Nettsida ynskjer Jan Ketil lukke til med førebuingane inn mot meisterskapen!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Smånytt frå Velledalen IL
26.06.2026
Midnight Sun Maraton: Løypa var for kort
24.06.2026
Maria Fet Støtvig: Ei å vere stolt av!
22.06.2026
Malin Skage: Eit råskinn av ei kvinne
22.06.2026