Komande helg: Svært stor VIL-aktivitet
Postet av Atle Jomar Hole den 3. jul 2026
Denne helga har Velledalen IL utøvarar i sving i Oslo, Lofoten, Sogndal, Jølster, Hornindal og Hellesylt.
Ei retteleg storhelg. Det er mest ikkje til å tru. Vi har tidlegare meldt om slik aktivitet fredag 3.juli:
LOFOTEN: Hermann Furland deltek i HOKA Lofoten Skyrun, 42 km.
OSLO: Jan Ketil Vinnes spring 5000 meter i klasse M 55 under Nordic Masters Chamionship.
Så hoppar vi til laurdag 4.juli:
SOGNDAL: Her deltek Mikkel, Sigurd og Pernille på leir, pluss at dei totalt spring fire løp under Fjord-O 2026 i perioden 1.-5.juli.
HELLESYLT: Hellesyltløpet har påmelding timen før start, så her kan vi ikkje sikkert fortelje kven som stiller. Kanskje eit come back for Robin Jørgensen her, og Sverre Kjerpeset ymta frampå på Strava at han skulle i aksjon på Hellesylt
HORNINDAL: Her stiller Kjell Magnar på 75 km, medan Oskar Johan og Constantin spring 38 km.
JØLSTER: Stormønstring med kring 1300 deltakarar. Desse stiller frå Velledalen IL:
5 km: Susan Gjerde og Nils Terje Skylstad
10 km: Frode Mauren
Halvmaraton: Malin Berge, Andreas Nakken, Kjetil Bjarte Settemsdal, Stian Hole, Per Inge Bjørnestad og Fridtjof Fredriksen.
ANDRE:
Her nemner vi at Kristin Dvergsdal Haugen (Hundeidvik) og Trine Pilskog (Hareid IL) stiller under Hornindal sin nykomar, Fjellmila.
Vidare er det særs gledeleg at løpsmiljøet på Stranda stiller med gigantisk tropp i Jølster, anten påmeldinga seier Laps and Yaps, Yaps and Laps, Stranda eller Fagerlivegen Løpeklubb. Strandarar er dei uansett, og dei kjem til å få ein kjekk dag i godt selskap:
Tonje Bjørklundhagen – 5 km
Tina Elisabeth Jøsok – halvmaraton
Marte Langlo – halvmaraton
Kristoffer Nitter Joranger – halvmaraton
Eline Langlo – halvmaraton
Johnny Repvik – halvmaraton
Cecilie Teigen – halvmaraton
Mari Gjørva (Geiranger IL) – halvmaraton
Vidare spring Anne Marie Sve Mandeli (som voks opp på Stranda) 10 km.
Dotter hennar, Marte Mandelid, som representerer Idrett utan alkohol, spring heilmaraton.
Margit Holmberg, Vik IL/Vikjatøsene, spring halvmaraton.
Sistnemnde har far frå Velledalen. Ho har besteforeldre (John og Reidun) og tante Aina, som bur i Velledalen.
Velledalen IL ynskjer alle vi har nemnt – og alle som skal i aksjon for Velledalen IL som vi ikkje har nemnt – ei fantastisk flott idrettshelg!
Meld aktivitet til VIL-nettsida: atlehole@online.no
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026