Hellesyltløpet: Sverre og Brune-Bjørn deltok frå VIL

Postet av Atle Jomar Hole den 4. jul 2026

 

Flott innsats av begge våre i det 6,6 km lange løpet.

 

Hellesyltløpet har det meste. Det opnar flatt. Så vert det bratt oppover, så bratt nedover før det avsluttar slik det starta – ganske så flatt. Diverre er det slik at Hellesyltløpet kolliderer med mykje anna. Mellom anna var store troppar frå Stranda og Velledalen IL i Jølster same dag, eller i Hornindal.

 

Det 6,6 km lange Hellesyltløpet hadde i år 16 fullførande kvinner og 45 fullførande menn. Ikkje dårleg, men dei hadde fortent meir

 

RESULTAT HELLESYLTLØPET MENN:

1. Marius Vedvik, Førde IL, 20.04

2. Ole Morten Flataker, Klubblaus, 21.29

3. Elias Helset, Sunnylven IL,21.36

10. Robin Welle, Sykkylven, 25.17

12. Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 26.05

15. Bjørn Arve Brune, Velledalen IL, 26.43

17. Mats Brune, Klubblaus, 27.51

 

RESULTAT HELLESYLTLØPET KVINNER:

1.Erica Granquist, Røros, 26.52

2. Hege Ringdal, Sunnylven IL, 27.24

3. Kari Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL, 29.05

 

STRAVA-KOMMENTARAR:

BJØRN ARVE BRUNE:

  • Kanondag på Hellesylt med konsert med Simon Brune band som oppkøyring til debuten på Hellesyltløpet. Kontrollert første 2K og resten på vilje og trua på at forma er over norm. Fornøgd!

 

SVERRE KJERPESET:

  • Meget fornøgd med ein 12.plass i dag av totalt 61 deltakarar som løp Hellesyltløpet. Super-fint og koseleg løp. Kroppen kjennest bra og ei løype som passa meg bra.

 

 


Logg inn for å skrive en kommentar.