Norges vakreste halvmaraton: Alastair var der
Postet av Atle Jomar Hole den 19. jul 2026
Arkivfoto
Fullførte løpet på Smøla i fin stil på 1.38.51.
Løpet på Smøla er som alle andre halvmaraton vêravhengig. Kanskje er det eit av dei vakraste i kongeriket vårt i finevêr, medan det ligg langt nede i andre enden av lista i ruskevêr. Og dei får heller ikkje ovstore folkemengder til løpet som vert reklamert med å vere «Norges vakraste halvmaraton».
Denne gongen var deltakartala slik:
10 km: 126 fullførande
Halvmaraton: 161 fullførande
Velledalen IL var representert ved Alastair Brunton på halvmaraton
Det gjekk slik:
Alastair kom inn på tida 1.38.51, og vart med det nummer 67 av 161 fullførande på distansen.
Diverre er det svært mangelfull klasseinndeling i dette løpet. Klasse «Menn Aktive» er i ei «koke» uansett alder, og i denne klassen vart Alastair nummer 60 av 116 fullførande.
Best i løpet: Bjørn Erik Langstein, Tomrefjord IL, 1.10.39
Beste kvinne: Anette Leistad, Bratsberg IL, 1.28.06
Alastair skriv fylgjande på Strava:
- Smøla halvmaraton. First half marathon in 14 years or so! Had very low expectations but went very well. Headwind on the way out, tailwind on the way back. Started watch a bit late, heartrate was wildly high the whole race. Had a target of 160 first few km.
Fint Alastair at du representerte klubben vår på Smøla, og solid levert!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
MOROLØP PÅ LANDSSAMLING I ORIENTERING
03.08.2026
UNGDOMS-NM SPRINT ORIENTERING
02.08.2026
3604 grasrotkroner i juli månad
01.08.2026