VIL-idrett komande helg

Postet av Atle Jomar Hole den 27. jul 2026

 Arkivfoto

Fjell-løp i Jotunheimen, skogsløp på Kongsvinger og Landsleir i orientering med ungdoms-NM i Oslo.

 

VIL-deltaking komande helg:

Fredag 31.juli: Jotunheimen Trail Run 2026

Laurdag 1.aug: Kongsvinger skogsmaraton

31.juli-5.aug: O-Landsleir i Oslo

31.juli – 5 aug: Ungdoms-NM i orientering i Oslo

 

Vi veit at tvillingane May Evy og Ola Aage Nesheim er påmelde under Jotunheimen Trail Run komande fredag. Kanskje stiller fleire der….?

Så står Sverre Gunnar Brunstad på lista over deltakarar i skogs-halvmaraton i Kongsvinger dagen etter.

Under landsleiren for o-løparar i Oslo vert Sofie Fløttum Fauske, Sigurd Ringdal Linga og Mikkel Ibsen Lervåg flotte representantar for Velledalen IL. Dei same tre utøvarane skal delta i ungdoms-NM i sprint og langdistanse. Når det gjeld kretsstafetten 5.august veit vi ikkje heilt korleis det blir, men Nettsida skal hente inn kunnskap før starten går.

 

Det kan fort gjort vere meir aktivitet – meld gjerne inn til: atlehole@online.no


Logg inn for å skrive en kommentar.