UNGDOMS-NM AVSLUTTAR MED KRETS-STAFETT
Postet av Atle Jomar Hole den 5. aug 2026
Ikkje eige lag frå Velledalen IL, men Sofie, Sigurd og Mikkel skal alle i aksjon.Det var i krets-stafetten 2026 at Velledalen IL lenge hadde håpa stille eige lag, med to jenter og to gutar i alderen 14-16 år. Det gjekk ikkje i 2026, men kan gå i 2027, sidan både Sofie, Sigurd og Mikkel har alderen for deltaking også i 2027.Men i 2026, onsdag 5.august, vert det slik:Mikkel spring på lag med tre løparar frå Emblem IL, Iver, Oline og Synne. Mikkel spring truleg ankeretappen (den siste).
Sofie og Sigurd spring på lag med Stein frå Molde og Margret frå Emblem. Rekkefylgja her er usikker, men det vert meldt at Margret truleg startar, sidan 1,etappe er jente-etappe.
Velledalen IL ynskjer lukke til med stafetten og ynskjer velkomen heim etter truleg to gilde idrettsveker i hovudstaden, med Norway Cup, Landsleir i orientering og ungdoms-NM i orientering. Heilt sikkert mange inntrykk rikare!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026