SFTF 95 KM: 10.plass til Harald, Hermann nr 19.
Postet av Atle Jomar Hole den 13. aug 2026

Velledalen IL hadde bemanna matstasjon på Brunstad frå 14.00 og utover
Matstasjonen var bemanna med ulike typer mat og drikke, omsorg og omtanke. I tidsrommet 14.00-19.00 var det langt mellom dei som kom innom, men det tok seg litt opp på sein kveld. Velledalen IL hadde med to utøvarar på distansen, den rutinerte Harald Ringdal og den meir ferske Hermann Furland. Begge fullførte, ein prestasjon det står respekt av. Dei heldt også fylgje i store deler av løpet. Det var fyrst mot slutten Harald tok ut litt av rutina (mellom anna sterk prestasjon under Oslo-Bergen i 2025), og flytta seg oppover til ein 10.plass på resultatlista.
RESULTAT STRANDA FJORD TRAIL FESTIVAL, 95 KM, ONSDAG 12.AUGUST:
- Ronny Børsheim, Hagavik, 16.24.48
- Gjermund Lassen, Oslo, 17.57.20
- Margrethe Falkanger Høviskeland, Tromsø, 18.56.26 – beste kvinne
- Steinar Thorsen, Måløy IL 20.13.24 – kompis av Hilmar Kråkenes
10. Harald Berge Ringdal, Drammen/Velledalen IL, 23.09.15
11. Knut Elias Dalhus, Norddal IL, 23.27.02
15. Jahn Egil Skotte, Sykkylven, 23.46.10
19. Hermann Furland, Velledalen IL, 24.29.16 – neste gong går du under døgnet, Hermann!
22. Jon Hole-Drabløs, Telenor BIL, 26.24.19
25. Ronny Ødegård, Stranda IL, 26.56.29
Ein ser av tidene, og spranget i tid (frå 16 – 27 timar), at dette er «kraftig lut» både for sjel og lekam. I ein tung trasé, etter mykje regn siste tida. 56 utøvarar hadde meldt seg på, 26 fullførte. Talet på DNS og DNF var ganske like. Vidare fortel resultatlista at løpet samla særs få «sluggarar», det vil seie slike som er verkeleg gode i faget. Ein kar som Kjell Magnar Berli kunne vore topp-3 også her, lokalkjend som han er i traséen.
ROS TIL RONNY
Nettsida finn det på sin plass å rose ein av dei fullførande spesielt:
Ronny Ødegård er ingen ung mann lenger. Han er 54 år. Ikkje topptrena. Skadeplaga. Ingen typisk løpar av fasong, men han gjorde det. Han våga melde seg på lengste distansen.
Ingen trudde han ville greie fullføre innanfor «cut-tidene». Mykje regn dagane før løpet tala ikkje til hans fordel. Spørsmåla som kverna i hovudet hans var nok mange…
Ein gong var eg på jobb for Smp under Mefjellet Opp, arrangert av Valldal IL, Oppe på Nysætra (vel halvegs), kom ein liten gut saman med mor si kjempande oppover. Dei fortalde at guten hadde cerebral parese og at målet var å fullføre. Eg såg ikkje meir til guten før nokre timar seinare, under premieutdelinga nede på hamna. Då leita han meg opp, kom bort til meg med sitt breiaste smil, og sa:
- Jeg klarte det!
Meir trong han ikkje seie, og meir treng heller ikkje Ronny Ødegård seie:
Han klarte det! Han vart beste utøvar frå Stranda kommune. Han var einaste utøvar frå Stranda kommune som fullførte fyrste løpet i den nye traséen. Eg er mektig imponert, og la det vere klart; det står stor respekt av prestasjonen!
Alle strandarar i alderen 25-40 år bør i ettertid kjenne eit stikk i bringa, og stille seg spørsmålet:
- Kunne eg gjort dette….?
Svaret er kanskje nei i dag, men du bør ikkje vente til du har passert 50 før du prøver. For denne type løp er ikkje meint for menneske som byrjar bli «drubbete». Skal ein fullføre SFTF, 95 km, er nemleg trening av viljestyrken minst like viktig og sentral som den fysiske treninga. Snittfarta til Ronny var trass alt ikkje høgare enn 3,5 km i timen. Skulle det likevel gå så gale, at ingen strandarar slår den magiske tida 26.56.29 i 2027, ja, då ser eg ingen anna utveg enn at det må bli ei statue av Ronny Ødegård.
Anten utanfor Kulturhuset, eller på anna eigna stad!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
SFTF Laurdag: To VIL-utøvarar påmelde
14.08.2026