Stor idrettshelg: NM OCR, løpsfestival og Sulahinderet
Postet av Atle Jomar Hole den 15. aug 2026
arkivfoto frå 2025
Og det stoggar ikkje der, Saudehornet rett opp, vert også arrangert i dag med VIL-deltaking.
Altså ei rik idrettshelg, slik det plar vere rett etter fellesferien. Her er litt om nokre av arrangementa:
SAUDEHORNET RETT OPP:
Motbakkeløp i Ørsta kommune med målgang på ca 1300 meters høgde. Drygt 30 påmelde på morgonkvisten laurdag, mellom desse Alastair Brunton frå Velledalen IL i klasse M 35-49.
ROMERIKE RÅESTE – NM OCR HINDERLØP:
NM OCR-hinderløp vert i dag arrangert på Nannestad, lagt inn i arrangementet Romerike Råeste. Her stille Anette Heimli Jokstad for Velledalen IL. Dei fremste medaljekanditatane på kvinnesida er: Signy Karolie W Kolstø, Tyrving IL, Gunhild Stølen, Sportsklubben Vidar og Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL. Det var denne trioen som representerte Norge under lagkonkurransen i VM i Irland og vart nummer fem. Merk klubbnamna til dei tre favorittane: Tyrving, Vidar og Velledalen IL.
LØPS-FESTIVAL PÅ STRANDA:
Så er vi komne til siste dag av løpsfestivalen på Stranda. I dag vert både 14km og 25 km arrangert, der i alle fall desse VIL-utøvarane skal i aksjon:
14 km: Johan Fløttum Fauske og Sofie Fløttum Fauske – kring 80 påmelde
25 km: Øystein Vikingsen Fauske, Oskar Johan Bakken, Trond Bonesmo, Ole Martin Korsnes og Constantin Moses Rust – kring 270 påmelde
SULAHINDERET:
Vi må neste ta med Sulahinderet med 600 påmelde. Nokre frå Velledalen IL, men særs mange frå Sykkylven kommune. Vi nemner: Beate Vigmostad Grøvik, Andreas Skjortnes, Alise Blindheim, Emma Blindheim, Hanna Blindheim, Lene Kristin Skogvold, Susann Standal, Henriette Bakken Kristin Hellesylt Fure, Kris-Levi Hansen, Ingvild Leichty, Mari Leichty, Gry Bakke Payling, Heidi Myrseth Settemsdal, Kathrine Tafjord Lien og Mia Moldestad.
Så er det heilt sikkert fleire arrangement med VIL-deltaking.
Tips Nettsida, send foto, resultat med meir om du har vore i aksjon – rørsle er viktigare enn fart!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Haustløpet orientering: Meir resultat
08.09.2026
«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim
07.09.2026
Haustløpet orientering: Meir resultat
06.09.2026
Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
06.09.2026