Strava kommentarar frå VIL-utøvarar 15.august

Postet av Atle Jomar Hole den 16. aug 2026

 

Kva seier utøvarane sjølve. Vi har kommentarar frå Ørsta, Nannestad, Oslo og Stranda.

 

 

Vi startar i Ørsta, der Saudehornet rett opp vart arrangert, og der skotten Alastair Brunton var Velledalen IL sin einaste  deltakarar

ALASTAIR BRUNTON:

  • Wow, great battle out there! Close to max puls the whole way. Managed to get another old guy in the final metres, but a local legend 70+ was beyond my reach.
  • Brænne rød at the drinks-stations, better than any sportsdrink out there!

 

Så hoppar vi til Oslo, der Njål Torillson Tyssing hadde med sonen, Magnus, til Sankthanshaugen Løpefestival.

NJÅL TORILLSON TYSSING:

  • Flott arrangement og artig å springe med Magnus.

MAGNUS:

  • Veldig slitsomt, men deilig å spurte frå pappa til mål!

 

Vi må sjølvsagt innom Stranda og siste dag av Stranda Fjord Trail Festival.

OLE MARTIN KORSNES, opna som nummer 43 på fyrste meldepost, enda som nr 27 av heile hurven (drygt 230) på 25 k:

  • Var usikker på forma i år. Gjekk visst bra likevel med mål om under fire timar. Gjørmefest opp lia. Alt i alt godt nøgd!

 

CONSTANTIN MOSES RUST, nummer to totalt, og klassevinnar M 20-29. Ny personleg record. Følgde teten til fyrste meldepost:

  • Fornøgd! Får ut det eg er god for i dag. Sjanselaus mot ein råsterk Eivind (Klokkehaug). Aldri nokon duell.

 

TROND BONESMO, nummer 112 totalt og nummer 11 klasse M 50-60. Ny personleg rekord under tunge forhold litt bak i feltet:

  • Tre år med SFTF, og i år som i fjor, var målet å kome under 5 timar. Men det gjekk for seint opp dei bratte partia, og myra etter Dregetua var brutal. Mogleg det kom bort løparar i djupet der, så djup og blaut myra var. Trur det var her dei spela inn Ringenes Herre. Nedover hadde eg bra driv, og passerte mange. Men eg klarte ikkje å hente inn nok tid til å kome meg under 5 timar. Men eg persa med 26 sekund då. Pers er pers. Hadde eit par fall også. Det må eg slutte med. Gjer låkt det.

 

OSKAR JOHAN BAKKEN, fantastisk flott debut på Stranda. Nr 44 på fyrste meldepost, nr 43 i mål, og nr 14 av kring 40 deltakarar i den sterke M 20-29:

  • Spontan-påmelding kvelden før løpet klokka 21. Så ganske fornøgd med 43.plass totalt. Starta litt hardt, så fekk det litt tungt fram til stigninga mot Blåhornet.

 

Vi må nesten avslutte med ein strandar, ein av dei som les nettsida til Velledalen IL inn i mellom.

KRISTOFFER JORDANGER, debutant som enn så lenge likar raske asfaltløp langt betre enn seige fjell-løp:

  • Blytungt frå start til slutt. Fyrste krampa melde sin ankomst rett før Lievarden, og deretter kom det på nye plassar om kvarandre. Ny oppleving: Klarte ikkje få i meg mat. Må trene meir fjelltur før eg stille til start på dette igjen. Takk til alle som var frivillige og som heia langs løypa, den ekstra boosten har alt å seie! Veldig glad for å ha gjennomført, og no skal det bli godt med 4 dagar restitusjon, som klokka seier!

 

Då gjer vi eit hopp frå Stranda til Nannestad, der NM i OCR-hinderløp vart arrangert.

ANETTE HEIMLI JOKSTAD, sølvinnar i kvinneklassa, eitt minutt og 13 sekund bak vinnaren Signy Kolstø:

  • Starta ut med grei tenning, kanskje litt overtenning i ringene hvor jeg klønet det til ved å kræsje i ringen jeg skulle skippe og mistet farta. Kom ut av hinderet som nummer to, bak Signy som jeg helst skulle vært litt nærmere så jeg kunne jage ryggen litt mer.
  • Følte jeg klarte pushe en del. Tenkte på Gunhild som alltid løper fortere og fortere utover i løpene, så brukte det som motivasjon. Uten sykdomstrøbbel hadde nok duellen mellom oss vært enda jevnere. Fornøyd med løsningen av hindrene utover i løpet. Har kanskje følt meg lettere i beina før, men skal ikke klage. Luka til Signy ble mindre enn jeg hadde tippet på forhånd, så OK fornøyd med tempo

Logg inn for å skrive en kommentar.