Trauste velledalingar i toppen av lista på Vellesætra

Postet av Atle Jomar Hole den 20. aug 2026

 

Kjell Skogvold i tet, åtte turar føre Elling Ivar Hole

 

Trimpost-sesongen går mot slutten. Kring 40 døgn att. Som vanleg vil byte av trimpost-bok kring 1.oktober markere ny sesong.

Då Velledalen IL sin meldar var på posten Vellesætra 20. august om lag klokka 10.30, kunne vedkomande melde fylgjande:

 

Topp -5 Vellesætra Trimpost:

80 turar Kjell Skogvold

72 turar: Elling Ivar Hole

58 turar: Alf Petter Bøe

41 turar: Anita Lindis Hjorthol

38 turar: Åge Vanebo

Like ved: Svein Hjorthol 27 turar og Eldrid Myhre 23 turar.

Bokføring: Gild

Tal noteringar i alt: 795

 

KOMMENTAR: Trimposten på Vellesætra har i eit normalår hatt kring1000 turar. Den vil kome nær dette talet også denne sesongen, mest truleg like under. Posten har tradisjonelt vorte vunnen av personar som bur på Brunstad. Truleg vert det slik også i 2026 (ved Kjell Skogvold), men 85-åringen Elling Ivar Hole lurer i angrepsposisjon fattige åtte turar bak. Elles er det folk frå området Brøvoll/Hjorthol som dominerer på posten, der dei tek plassane 3,4 og 5, pluss begge «like ved»-plasseringane.

        Så er det litt leitt å måtte skrive at yngstemann inne på lista er 59 år, nestemann er 66 og resten er over 70 år – med dei to som kjempar om sigeren som dei to eldste. Det er vel dette ein kallar «Veteran-Idrett».


Logg inn for å skrive en kommentar.