Stille og verdig på Ikornnes Idrettspark

Postet av Atle Jomar Hole den 30. aug 2026

 

Fellestreninga til Velledalen IL var solid besøkt laurdag 29.august på Ikornnes Idrettspark.

 

VIL-treninga gjekk som planlagt på Ikornnes Idrettspark laurdag morgon, trass kong Harald sin død dagen før. Frammøtet var solid med fem menn i tillegg til fire jenter/kvinner. Dessutan var Alf Petter Bøe og Bjørn Arve Brune der frå friidrettsgruppa. Opplegget for dagen vart gjennomført stille og verdig, totalt blotta for skrik, skrål og utagering, som av og til kan fylgje yre idretts-utøvarar. Dei fleste køyrde 12 X 400 meter som hovuddel under treninga, nokre 16 X 400 meter.

 

Vi går no inn i haustsesongen for alvor, der mange har blinka seg ut viktige løp som skal gjennomførast.

Hald deg oppdatert gjennom Velledalen IL si nettside!


Logg inn for å skrive en kommentar.