Herdla Backyard Ultra: Malin ute, Hilmar inne.

Postet av Atle Jomar Hole den 5. sep 2026

 Arkivfoto

Malin Berge hoppa av etter 10 rundar – som vil seie 67 km

 

Malin har nyleg slite med ein leggskade, så det låg i korta at ho skulle «stå av» straks ho kjende noko. Etter ti rundar og 67 km takka ho for seg. Då var det att 11 kvinner, slik at Malin kan titulere seg som 12.beste kvinne under Herdla Backyard Ultra 2026.

 

Klokka 20.00 i kveld gjekk startskotet for runde tolv. Hilmar var mellom dei 49 som starta der. I dag tidleg klokka 09.00 starta kring 220 utøvarar, etter at like over 300 var påmelde. Utover kvelden og natta vil venteleg ein etter ein falle frå. Hilmar har 35 rundar som rekord i eit liknande løp. Vi vonar både han og støtteapparatet held motivasjonen oppe gjennom natta.

 

Nettsida kryssar fingrane for at han held stand i mange timar enno!


Logg inn for å skrive en kommentar.