Orientering: Resultat frå Sprintcup, Vasstranda.

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. okt 2026

 arkivfoto

47 startande, alle frå klubbane Emblem IL og Velledalen IL

 

Fire av dei startande kom frå Velledalen IL, medan resten – 43 i talet – representerte Emblem IL.

Men Velledalen IL sin kvartett kom godt frå det, noko resultatlista viser:

 

KORT LØYPE, 1320 METER, 21 STARTANDE:

Ingen frå Velledalen IL

 

LANG LØYPE, 2870 METER, 26 STRATANDE:

1. Yehor Redka, Emblem IL, 18.17

2. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 19.11

3. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 20.24

4. Anton Kupriiets, Emblem IL, 20.36

7. Sigurd Linga, Velledalen IL, 21.55

8. Maksym Redka, Emblem IL, 22.30

9. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 23.27

17. Sofie Fløttum Fauske, Velledalen IL, 28.06

20. Einar Bjørshol, Emblem IL, 32.52

25. Eimund Olai Havnegjerde, Emblem IL, 51.20

 

STREKK-TIDENE:

Kikar rein på strekk-tidene vil ein finne at Sigurd Linga opna særs bra og var i tet etter seks postar. På strekket mellom post 6-7 fekk han ein bom på kring minuttet, og fall ned på sjette plass. Mikkel som vanleg ein stødig orienterar, men miste 30 sekund til dei beste på strekket mellom post 8-9. Lite feil også på Pernille, som miste 45 sekund til vinnaren mellom post 4-5. Også Sofie leverte veldig  sterkt i eit gute/mannfolk-dominert startfelt. Ho kom unna med ein einsleg bom på dei knappe 20 postane. Den kom på strekket mellom post 7-8, der ho tapte 1.40 til eksempelvis klubbkamerat, Mikkel.

 

NESTE LØP:

Løp 2 i sprintcupen vert arrangert av Velledalen IL, melder o-gruppe-leiar, Pernille. Alastair Brunton vert her primus motor for Velledalen IL, sidan Pernille vert fråverande arrangements-datoen. Løpet går på Ikornnes, og då er det å håpe at ALLE o-løparane i Velledalen IL stiller til start, slik at ein slepp 43-4 til Emblem IL i deltakartal.

      Kartet på Aure er under oppdatering, og skal sparast til eit kretsløp i 2027, melder ein engasjert o-gruppe leiar, som er særs godt nøgd med det disiplane hennar leverte under del 1 av Sprintcupen.


Logg inn for å skrive en kommentar.