Bjørn Arve 60 år 13.september

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Sep 2024

Fredag 13.september kan vi heise flagget for Bjørn Arve Brune

 

Denne dagen fyller den dedikerte langdistanse-løparen vår 60 år. Han kjem neppe til å ta seg heilt ut under feiringa, sidan han helga etter stiller på halvmaraton i Oslo. Om alt går etter planen då. Sesongen der Bjørn Arve hadde store planar, som yngst i klasse M 60-64, har diverre vorte prega av skadar. Uhellet var ute under oppvarming til Valderløpet (i april), ein skade han slo opp igjen nokre gonger, slik at sesong-avbrotet vart vesentleg lenger enn planlagt.

     Men siste del av sesongen har gått bra for jubilanten, så ei tid på under 1.35 på halvmaraton i Oslo kan vere realistisk. Sjølv om strandaren var temmeleg skadeskoten under KM halvmaraton på Vartdal, berga han KM-tittelen i M 60-64. Gjennomføringa på Vartdal bar preg av sterk viljestyrke.

   Grunna skaden fekk ikkje Bjørn Arve med seg Konradløpet i konkurranse-tempo i 2024. Men han har ti gjennomførte Konradløp på CV-en. Beste-tida er 16.34 sett i 2014, då Bjørn Arve gjekk i sitt 50.år. Svakaste registrerte Konradløp-tid er 17.29. Ei tid han gjorde både i 2012 og 2023 (i sitt 59. leveår). Ei tid som er nær Olaf Øien- og Nils Terje Skylstad sitt 60 års nivå.

 

Kos deg på dagen gut, du er ei viktig brikke både i Velledalen IL sitt løpsmiljø og i Stranda Fjord Trail Race sin arrangør-stab. Alltid positiv og oppmuntrande, ein skikkeleg godgut!

...

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.