Bjørn Arve 60 år 13.september
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Sep 2024
Fredag 13.september kan vi heise flagget for Bjørn Arve Brune
Denne dagen fyller den dedikerte langdistanse-løparen vår 60 år. Han kjem neppe til å ta seg heilt ut under feiringa, sidan han helga etter stiller på halvmaraton i Oslo. Om alt går etter planen då. Sesongen der Bjørn Arve hadde store planar, som yngst i klasse M 60-64, har diverre vorte prega av skadar. Uhellet var ute under oppvarming til Valderløpet (i april), ein skade han slo opp igjen nokre gonger, slik at sesong-avbrotet vart vesentleg lenger enn planlagt.
Men siste del av sesongen har gått bra for jubilanten, så ei tid på under 1.35 på halvmaraton i Oslo kan vere realistisk. Sjølv om strandaren var temmeleg skadeskoten under KM halvmaraton på Vartdal, berga han KM-tittelen i M 60-64. Gjennomføringa på Vartdal bar preg av sterk viljestyrke.
Grunna skaden fekk ikkje Bjørn Arve med seg Konradløpet i konkurranse-tempo i 2024. Men han har ti gjennomførte Konradløp på CV-en. Beste-tida er 16.34 sett i 2014, då Bjørn Arve gjekk i sitt 50.år. Svakaste registrerte Konradløp-tid er 17.29. Ei tid han gjorde både i 2012 og 2023 (i sitt 59. leveår). Ei tid som er nær Olaf Øien- og Nils Terje Skylstad sitt 60 års nivå.
Kos deg på dagen gut, du er ei viktig brikke både i Velledalen IL sitt løpsmiljø og i Stranda Fjord Trail Race sin arrangør-stab. Alltid positiv og oppmuntrande, ein skikkeleg godgut!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ålesund Vinterkarusell startar 9.november
08.11.2024
TRIMBØKER: 5 på topp 2024
08.11.2024
VIL-trio spring Jessheim Vintermaraton
08.11.2024
Sivert Nakken sprang «Nightrun « i Oslo.
08.11.2024
TRIMBØKER: 5 på topp 2024
06.11.2024