Vert det ny ordførar-rekord i Konradløpet…?

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Apr 2025

 

Jan Kåre Aurdal sin rekord frå 2003, lydande på 30.52, vart seigare enn ein skulle tru.

 

Ordførar-rekorden i Konradløpet er altså 22 år gamal. I 2003 noterte Jan Kåre Aurdal tida 30.52 som ordførar i Sykkylven. Den står enno. Men ikkje støtt, då vi reknar med det må finnastordførarar som kan straffe denne tida ein eller annan stad i landet. Distansen er trass alt ikkje meir enn 4,45 km.

     Både Jan Kåre Aurdal og Odd Jostein Drotninghaug har seks deltakingar i løpet. Begge deltok i «jomfruløpet i 2002 og begge deltok i 2023, altså har begge ei karriere i løpet som strekkjer seg over meir enn 20 år. Bestetida til Drotninghaug, er ifylgje statistikkførar Lars Inge Sæther, 31.21 sett i 2006. Då var ikkje Drotninghaug ordførar, men mest kjend som leiar i FK Sykkylven.

Kriteria som må oppfyllast for å setje ordførar-rekord i 2025:

  1. Ein må springe/gå løypa på under 30.52 (like under 7 minutt på kilometeren).
  2. Ein må vere ordførar ein eller annan stad i kongeriket Noreg løpsdagen (1.mai 2025).

 

Kva så med Olav Harald Ulstein og Einar Arve Nordang..?

Sidan Konradløpet kjem inn under kategorien «Nattarbeid», er det nærliggande at største angrepa på Aurdal sin rekord vert kortreiste, frå Stranda eller Sykkylven.

Og Olav Harald Ulstein har faktisk ein historikk i løpet som er i grenseland til imponerande:

2005: Nr 43 på tida 24.05

2006: Nr 41 på tida 23.44 – og berre ti sekund bak Sondre Brunstad Fet med fire seriegull for Bodø/Glimt.

2007: Delteke

2008: Nr 42 på tida 22.21.

Men det er 17 år sidan 2008, då han stiva den gjeldande ordførar-rekorden med åtte og eit halvt minutt. Vi seier ikkje meir.

 

Nordang frå Stranda er utan tvil ein outsider. Utan rulleblad frå tidlegare. Han er truleg av dei som søv om natta. Men lettast i kroppen, og med eit godt etternamn. Norangsdal IL var sterke i stafettar siste tiåra av førre hundreår, og dei hadde alltid ein eller fleire med etternamn NORDANG på laget. Kanskje kan det til og med vere snakk om slektsskap…? VIL-Nett meiner Aurdal har grunn til å frykte Nordang.

 

Utfordrarane er mange, utan tvil. Både kvinner og menn. Arrangøren ser fram til løpsmorgonen. Alle ordførarar skal vite dei er hjarteleg velkomne – uansett fart!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.