O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Sep 2025

 

Prega av innsats, godt humør og god lagånd

 

Dei yngste deltakarane gjennomførte ein lagkonkurranse ute i terrenget. Her skulle ein både finne o-postar og ein skulle innom andre ulike oppgåver på postane. Innsatsen og gløden var framifrå god over heile line. Etterpå vanka det fortente premiar for aktiviteten som markerte slutten på ei vellukka helga-samling.

Velledalen IL takkar alle deltakarar som tok turen til Sykkylven denne helga, og vi takkar alle som bidrog til at dette vart vellukka. Ei spesiell takk til Pernille, Janne og Alastair!

Ny samling same helg i 2026, vart det meldt i det vi tok på heimveg!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.