Stig Marius einaste VIL-utøver under Emblemsfjellet Opp.
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Sep 2025
Totalt deltok nær 70 deltakarar.
Ein kunne velje mellom tre distansar. Eit ungdomsløp på 3,5 km samla fattige tre deltakarar, vunne av Viljar Dalseth frå Ålesund på tida 13.25.
Den nest lengste utgåva var det som heitte Emblemsfjeller Opp på 7,5 km. Her vart Ranveig Volden, Ålesund beste kvinne på tida 50.44, medan Kristian Nedregård var raskast på herresida med 32.49. 15 utøvarar fullførte denne distansen.
Lengste alternativet var på 14,5 km – frå Spjelkavik til Grønevollen. Kring 50 løparar fullførte, med Nicolas Bourdillat, Skodje IL som den beste på tida 1.20.37. Nest best vart unge Iver Vartdal (M 16-17) frå Emblem IL på den sterke tida 1.21.13. Velledalen IL sin einaste deltakarar i løpet, var Stig Marius Vestnes i klasse M 50-54. Han kom inn på 2.22.56. På Strava kan ein lese at Stig Marius dedikerer deltakinga si i løpet til nyleg avdøde Louise Skak. Prisverdig, Stig Marius!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

O-samlinga: Lag-konkurranse for dei yngste
07.09.2025

AL-open: Matias debuterte med 3.plass
07.09.2025

Sterke løp av Mikkel og Ola i AK-open
07.09.2025

Oslo Toughest: Anette og Nikolai sterke
07.09.2025