Konradnytt – sju dagar før MiniKonrad
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Apr 2025
I dag er det nøyaktig ei veke til MiniKonrad og 11 dagar til hovudløpet
Litt smånytt om Konradløpa:
- PåskeKonrad vart suksess. Snittdeltaking siste åra kring 20, i år bikka det 60 fullførande.
- Constantin Rust sprang fem sekund under gjeldande løyperekord med tida 13.25 (Ebrahim Abdulaziz 13.30).
- 43-åringen Njål brukte 14.21. Omrekna til seniortid (M 23-34) vil det seie 13.25, fortel Alf Petter Bøe.
- Friidrettsleiar Alf Petter Bøe minner om at løyperekordar berre kan setjast under hovudløpet (1.mai-løpet)
- MiniKonrad vert arrangert 27.april. Yr fortel om opphaldsvêr, noko sol, og 13 grader under løpet.
- MiniKonrad er for aldergruppa 0-16 år, alle vert premierte.
- Inga tidtaking for dei to yngste felta. Tidtaking for dei eldste, her med ekstrapremie til beste gut/jente.
- MiniKonrad har påmelding før start løpsdagen – frå klokka 15.30 i Velledalen grendahus.
- Hovudløpet har i skrivande stund 64 påmelde.
- Kvinnene kjem sterkt no, og har kome opp i 40,6 prosent av dei påmelde (normalt ganske nær 50/50).
- Førebels ingen ordførarar påmelde – kan Jan Kåre Aurdal sin rekord overleve enno eit løp.
- Årets premieutdeling vert i år eit «skue» i seg sjølv. Sterke musikalske krefter skal i aksjon på scena.
- Mellom anna fordi Odd Kvammen («Konradløpets far») og den 80-årige debutanten og «løpsbaronen» Per Jan Helset, skal gjerast stas på.
- Hittil berre 1 Konrad påmeld, ingen over 90 år, som gir gratis startkontingent.
- Minner om startskotet for hovudløpet 1.mai: klokka 05.15 – (ferje Magerholm 04.20).
- Siste tidleg-påmeldings-premien vart trekt 15. april. Vinnaren av den vert premiert under premieutdelinga
- Annonseringa av dei to attståande Konradløpa startar i desse dagar og er sponsa av møbelkonsernet EKORNES
- Vi set pris på premiestøtte; Meld inn gåver/pengar til Alf Petter Bøe/Henning Tandstad i friidrettsgruppa.
Så er det viktig at flest mogleg melder seg på i god tid, med tanke på frukosten. Skal vi servere til 150, eller 250 ….? Trenden har diverre vorte slik at at fleire og fleire melder seg på siste døgnet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Smånytt vedkomande Konradløpet 1.mai
26.04.2025

Kvalitets-samling etter årets Konradløp
26.04.2025
Fleire løp med VIL-deltaking komande helg
23.04.2025

26. og 27. april: Enorm løpshelg
21.04.2025

Frank tok Sjutoppsturen langfredag
19.04.2025