Njål nummer 32 av 17 000 i Sentrumsløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 26. Apr 2025

 Arkivfoto

Krutsterkt av Njål i Oslo! Nummer 32 av 17 000 totalt, og nummer to i klasse M 40-44.

 

Det er ikkje noko nytt at Njål Torillson Tyssing imponerer når han stiller til start i løp 5 km eller lenger. I dag under Sentrumsløpet i Oslo, med nær 17 000 påmelde. Njål kom inn på 32.plass av heile hurven. Han slo alle kvinnfolk i løpet, og kom inn til imponerande 2.plass mellom fleire hundre deltakarar i klasse M 40-44, på tida 32.54. Beste kvinne i løpet vart langrennsløparen Heidi Weng på tida 33.29. Nest beste løpar som representerte ein sunnmørsklubb vart Olger Pedersen, Dimna IL. Han vart nummer 72 totalt på tida 34.19

 

Resultat Sentrumsløpet, klasse M 40-44:

  1. Hamse Looyar, Rygge IL, 32.00
  2. Njål T. Tyssing, Velledalen IL, 32.54
  3. Trond Atle Smedsrud, Noteam, 33.19
  4. Håvard Hegre, Noteam, 34.06
  5. Andreas Almlid, Kjelsås, 34.22
  6. Kristian Dalby, Slevik IL, 35.21
  7. Johan Jørgensen, Sankthanshaugen, 35.36
  8. Erik Folkeson, Nabolaget, 35.46
  9. Kristoffer Slettholm, Noteam, 36.07
  10. Håvar Forsell Ohma, Ås IL, 36.09

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.