118 våryre born sprang MiniKonrad i dag
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Apr 2025
Her kjem deltakartala frå den 17.utgåva av MiniKonrad
Årsklasse 2020 – 2025: 51 fullførande utøvarar
Årsklasse 2015 – 2019: 55 fullførande utøvarar
Årsklasse 2009 – 2014: 12 fullførande utøvarar
Yngste feltet (2020 – 2025) la bak seg 400 meter utan tidtaking.
Dei mellomste årsklassene sprang 750 meter utan tidtaking.
Eldste gruppe la bak seg 750 meter med tidtaking. Dei to gruppene som sprang 750 meter hadde både asfalt, grus og gras under skorne på ferda mot mål.
Samtlege som var i aksjon fekk premie, og med den energien som vart vist er det ikkje tvil om at det bør arrangerast fleire slike løp gjennom sommarsesongen – eller heile året for den del, sidan det siste året knappast har hatt vinter.
Vi kjem tilbake med resultata frå eldste klasse i ei eiga sak. Men altså samla 118 deltakarar under årets MiniKonrad. Eit tal arrangøren, Velledalen IL, er nøgde med.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025