Takk, Ole Jakob!

Postet av Atle Jomar Hole den 27. Des 2025

 

Fotballen skulle vise seg å bli Ole Jakob sin fristad, med smilet, blikket og gjennomførings-evna som sentrale pluss-faktorar.

 

Dødsbodskapet kom til meg under Romjulsmarsjen 2.juledag. Bodberar var Geir Ståle Rasmussen. Nabo og barndomsven. Vi stod eit steinkast unna Dalemyra grasbane. Minna kom raskt, og dei strøymde på. Det var her han heime-debuterte på VRF sitt A-lag. Guten som hadde Slettegjerde, Dalemyra, og diverse løkker i nærområdet sitt som fristad. Fristad mot alt det andre tyngande og prøvande, som ein ung gut kunne kjenne på i overgangen til vaksenlivet på 1980-talet.

 

Ole Jakob debuterte på VRF sitt A-lag i perioden VRF var på sitt dårlegaste. Presseklippet som ligg ved saka er frå 1986. Det året han fylte 18. Men var 1990-talet som skulle bli Ola Jakob sitt tiår. Som spelar og som målscorar. Her kjem nokre tal som viser dette:

1991: 33 kampar for VRF – 35 mål, 20 av desse i seriekampar

1992: 31 kampar for VRF – 27 mål, 20 av desse i seriekampar

1993: 35 kampar for VRF – 25 mål, 12 av desse i seriekampar

1994: Spela for Sykkylven

1995: Spela for Sykkylven

1996: Spela for Sykkylven

1997: 24 kampar for VRF sitt 1.lag - 6 mål. 3 kampar for VRF 2 - 13 mål. Passerte 200 kampar for VRF i 1997.

1998: Tre kampar for VRF 1. 16 kampar for VRF 2 – 20 mål.

 

16.mai 1995 – Vanskeleg kamp for Ole Jakob.

Etter å ha dunka inn mål nærast på bestilling på starten av 1990-talet, var det naturleg at andre klubbar var ute etter Ole Jakob sine tenester. Og slik hamna han i Sykkylven IL i 1994- sesongen. Hans kanskje mest krevjande kamp nokon sinne fann stad på Dalemyra 16.mai 1995 – lokalderby VRF-Sykkylven med 700 tilskodarar. Mot sine gamle lagkameratar var det truleg eit kjensleladd spark han gjorde, etter 15 minutt av kampen. Då sende han Sykkylven i føringa frå straffemerket – ei scoring mot gode kompisar som Stian Hole, Eivind Fet, Ole Andre Fet, Jostein Linga, Karl Inge Hole, Kay Ove Lade, Paul Magne Hole, Lidvar Nilsen, Jim Eddy Bøckmann, Ole Petter Lødøen med fleire. Jostein Linga(75.min) og Kay Ove Lade (80 min) snudde kampen for VRF i 2.omgang. Haustoppgjeret på Sykkylven stadion enda like eins, med 2-1 til VRF etter at Sykkylven leia 1-0. Det høyrer med til soga at Sykkylven rykte ned ein divisjon hausten 1995.

 

Kjende seg heime i fotballen.

Her var han i godlune. Han diskuterte med dommartrio og motspelarar, var stort sett alltid smilande og imøte-komande. Ein fair-spelande utøvar som fekk lite kort. Han var ingen «luftens baron», og av framtoning ikkje mellom dei mest veltrena. Han var heller ingen trugsel på fart for eit normal-forsvar på dette nivået. Han kunne beint fram sjå litt «tilforlateleg» ut, som tidleg i kampen slentra rundt og skapte ei kjensle av idyll i motstandaren sitt forsvar, for så i neste sekund splintre denne idyllen gjennom nådelause skotbein, eller nask plasseringsevne inne i motstandaren sitt felt. Han hadde  utruleg kontroll og blikk for målmannen sine rørsler. Var denne ørlite ute av posisjon, kunne Ole Jakob straffe han på tidelar av eit sekund. Gjennomføringskrafta var stor, teknikken finslepen og presisjonen grenselaus. Mang ein målmann på nivå fire eller fem i sunnmørsfotballen vart brutalt straffa for heller små feil – vi vil tru Ole Jakob har gitt mang ein målmann grunn til å kjenne seg som eit rustent bombefly utan navigering.

 

87 mål på tre sesongar. Hadde Ole Jakob likt tøffare trening kunne han nådd langt innan fotballen. Men tøff trening var ikkje hans stil. Difor vart det som det vart. Men det var evig nok. 87 mål på 99 kampar i perioden 1991-1993 fortel alt, 52 av dei i seriekampar. Alt i alt passerte han 200 A-kampar for VRF.

 

På vegne av mange i miljøet:

Takk for smilet ditt, Ole Jakob – for vennskapet, måla og minna!

 

Atle Jomar


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.