Hytteplanmila: 500 startplassar ut kl. 12.00 i dag
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Jan 2026

Arkivfoto 2025
To nye VIL-løparar fekk plass. Sjå den påmelde troppen!
Hytteplanmila vert arrangert laurdag 17.oktober 2026, med base i området Svensrudmoen i Hole kommune. Altså lenge til. Men løpet er alt fullteikna med 4000 deltakarar. Påmeldinga opna 18.november, då 3000 startplassar vart rivne bort. 13 VIL-løparar fekk plass i den påmeldingsrunden. I dag (14.januar), vart nye 500 plassar lagt ut, og rivne vekk. I den «runden kom to nye VIL-løparar på listene.
Her er namna på dei 15 frå laget vårt som hittil er klarert deltaking:
M 65-69: Eldar Sindre Valkvæ
K 60-64: Elisabeth Hetlevik
M 60-64: Roger Vanebo og Roger Malvin Hole
M 55-59: Alf Petter Bøe og Per Inge Bjørnestad
M 50-54: Knut Orre, Frode Mauren og Stian Hole
K 50-54: Susan Gjerde
M 40-44: Njål Torillson Tyssing
M 35-39: Frank Andersen
K 35-39: Malin Berge
M 23-34: Anders Westrheim
M 16-17: Jone Schmidt Breivik
Ein flott tropp. Det vert alltid ein heil del startnummer i omløp siste tida før løpet, så det er ingen grunn til panikk for dei som ynskjer delta, men enno ikkje har fått seg startnummer. Det kan også skje at nokon av våre eigne må kaste inn handkleet, grunna skadar eller andre uførutsette årsaker, i siste liten.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
VETERANSTATISTKK LANDSPLAN KVINNER 2025
16.01.2026
VIL-STATISTIKK 3 KM LANDEVEG 2025
14.01.2026