Orientering: Går mot kjempestor samling komande helg

Postet av Atle Jomar Hole den 31. aug 2026

 

38 påmelde måndags-morgonen, og det er før nokon av arrangørklubben sine er påmelde.

 

Alt tyder på at O-samlinga i Sykkylven, med haustløpet sundag som avslutning, vert stor. I alle høve er VIL-nettsida imponert av klubbane Emblem IL og Molde og Omegn IF (MOI), som hittil har alle dei 38 påmelde. Særleg imponerande av romsdals-klubben som åleine har 21 påmelde.

 

Måndags-morgon er påmeldingane slik:

Born: 12

Ungdom: 12

Foreldre: 14

Fantastisk flott med 38 påmelde frå to klubbar!

 

O-samlinga sin hovuddag vert laurdag 5. september, medan det som vanleg vert avslutta med «Haustløpet i Sykkylven» sundag 6. september.

 

Nettsida vil kome tilbake til det, men rykte på bygda seier at årets O-samling i Sykkylven vert den siste. I så fall særdeles synd for miljøet og mange andre. Men som sagt; dette kjem vi tilbake til om det er hald i rykta.


Logg inn for å skrive en kommentar.