BMW OSLO MARATON: Njål varma opp til halvmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 2. sep 2026
Slegen av sonen, Magnus, på 3000 meter på Bislett i går.
Njål Torillson Tyssing er på veg tilbake etter skade. Kneproblem. Han er påmeld halvmaraton i Oslo laurdag 12.september. I går «fjølga» han kneet med ein 3000 meter på Bislett, i parløp med sonen Magnus Njålson Taubøll (M 11-12). Begge kom inn på tida 14.47, men Njål måtte finne seg i å bli spurtslegen med 3-4 tideler. Det høyrer med til soga at Magnus gjorde 16.14 på same distanse i oktober 2025, så framgangen er markant på mindre enn året. Magnus vann klasse M 11-12, medan Njål vart nummer to i M 40-44.
STRAVA-MELDING FRÅ NJÅL:
- Ny personleg bestetid på Magnus. God stemning, flott vêr og jamne rundetider. Rundt to minutt per runde før sisterunden på 1.40. Knakk heldigvis far i spurten.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Skogsvegen Drabløs: Framleis 5 X Lervåg
02.09.2026
GRASROTKRONER: August vart svak månad
01.09.2026