O-trio frå VIL på treningsløp på Emblem

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. sep 2026

 

Fine og lovande takter av Sofie, Ola og Mikkel

 

I går, tysdag 8.september vart det arrangert treningsløp i orientering av o-gruppa i Emblem IL. Ein kunne delta i fylgjande distansar:

KORT LØYPE: 1800 meter – seks startande – ingen frå Velledalen IL

MELLOMLANG LØYPE: 3100 meter – ni startande – Sofie Fløttum Fauske frå Velledalen IL

LANG LØYPE: 4300 meter -12 startande – Ola Drotninghaug og Mikkel Ibsen Lervåg  frå Velledalen IL

 

RESULTAT MELLOMLANG LØYPE – NI STARTANDE:

  1. Harald Godø Gjerdahl, Emblem IL, 46.27
  2. Torgeir Strand, IL Gular, 50.36
  3. Frank Drønnesund, Emblem IL, 55.09
  4. Sofie Fløttum Fauske, Velledalen IL, 1.01.25
  5. Barbro Holene, Emblem IL, 1.26.35
  6. Geir Nilsen, Emblem IL, 1.32.15
  7. Jon Thomas Schjølberg, Emblem IL, 1.37.58
  8. Jonas Schjølberg, Emblem IL, 1.38.29

 

Sterkt løp av unge Sofie. Vart beste jente/kvinne i denne klassa, og mykje bra å ta med vidare til neste sesong!

 

RESULTAT LANG LØYPE – TOLV STARTANDE:

  1. Olav Lundanes, Emblem IL, 35.32
  2. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 42.13
  3. Henning Osnes Teigene, Møre og Romsdal, 42.22
  4. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 46.29
  5. Hallvard Ellingsen Tyldum Emblem IL, 49.04
  6. Andreas Bro Kolstø, Emblem IL, 51.21
  7. Lars Roger Lundanes, Emblem IL, 52.45
  8. Christer Jensen, Emblem IL, 53.39
  9. Ola Drotninghaug, Velledalen IL, 1.07.56

 

Fint av våre unge gutar i kamp mot mange vaksne menn, der vinnaren er verdsmeister i orientering for seniorar mange gonger. Mikkel som vanleg generelt stødig på orienteringa, men eit par småbom gjorde at han kom fire minutt bak jamgamle Iver Foss-Dahlberg denne gongen. Ola opna diverre med bom på post 1, og gjekk ikkje heilt feilfri resten av løpet heller. Men han viste igjen at det bur mykje i guten, ved å vere topp-3, i dette selskapet, på eit par av strekka.

 

Alt i alt gir vi svært gode karakterar til Velledalen IL sin unge trio som var i aksjon på Emblem i går.


Logg inn for å skrive en kommentar.