Constantin Rust: 1.07.46 på halvmaraton i København

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026

 

Constantin reiste i dag kjerringa med ny klubbrekord etter det han kalla «fadesen» i Oslo førre helg.

 

Før løpet i København skreiv Constantin:

  • På plass i København og føler meg høveleg klar til halvmaraton i morgon. Trur det rett og slett er første løpet i utlandet for meg nokon sinne. Får sjå om det er muleg å rette opp i fadesen frå førre helg. Håper eg har meir inne – særleg mot slutten av løpet.

 

Og det hadde han. Fyrste 5 km gjekk på 16.00. Vidare passerte han 10 km på 32.21, 15 km på 48.37 og mållina på 1.07.46. Ny klubbrekord på distansen for Velledalen IL. Espen Utgård Sæther hadde den førre på 1.09.16, medan Constantin sin tidlegare pers var 1.09,17.

 

Det høyrer med til soga at Therese Johaug sprang same distanse i København på 1.08.43, altså 57 sekund svakare enn Constantin. Vår mann vart nummer 24 i klasse M 25-29 i Danmark. Ein glitrande prestasjon, rett og slett!!


Logg inn for å skrive en kommentar.