Begge maratonjentene våre har passert halvvegs

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026

 Foto:. Susan Gjerde

Super innsats så langt av Johanne Hjortdal og Christina Holmberg

 

Christina starta i dag tidleg klokka 09.00. Ho har passert halvmaraton på 2.12.27, og bør seinast vere i mål på 4.35 for å rekke det naudsynte før neste start, som er halvmaraton. Christina spring som kjent alle distansar i dag. Fyrst heilmaraton, så rett på halvmaraton, før det truleg vert ei kort kvild før 10 km. I alt 73,3 km. Oslotrippelen vert det kalla.

 

Debutant Johanne Hjortdal starta klokka 09.10. Det pussige var – at sjølv om dei to jentene ikkje sprang saman – brukte begge nøyaktig same tid (30.43) på dei fyrste 5 kilometerane. Seinare har Johanne auka farta litt, slik at ho har passert halv distanse på 2.07.10. Johanne hadde som hovudmål å fullføre løpet, og så ein liten draum om å greie ei slutt-tid på 4,20. Etter halvsprungen distanse ser begge måla til å gå i oppfylling. Truleg vil Johanne passere Christina i løypa i løpet av siste halvdel.


Logg inn for å skrive en kommentar.