Christina greidde Oslo-trippelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Christina Holmberg gjennomførte i dag Oslo-trippelen som den fyrste frå Velledalen IL
Det starta med heilmaraton i dag tidleg klokka 09.00. Her kom Christina inn til tida 4.26.41, og så fort måtte ho nesten springe skulle ho få eit lite opphald før starten på halvmaraton. Den drog ho rutinert i land på 2.54.43, før ho avslutta med 10 for Grete på like i overkant av ein time og 19.minutt.
Når arrangøren hadde summert Christina sine tre tider, kom dei til at småbornsmora hadde brukt 8.40.36 på trippelen. Det gav henne ein 30 plass av alle kvinner og ein 15.plass i klasse K 23-34. Christina si km-tid på den 73,3 km lange runden vart 7 minutt og sju sekund per km.
Dei beste i kongeriket er utruleg gode på å pine seg gjennom lange distansar. Anna kan ikkje seiast når beste kvinne, Ida Vang, Tynset IF, brukte 5.24.45 på dei tre løpa. Beste herre Sebastian Conrad Håkansson frå Svorkmo greidde dei tre distansane på smått utrulege 4.27.50.
Men stor honnør til Christina. Eigentleg skulle systera, Emma, ha vore med – begge var påmelde – men det klaffa ikkje slik denne gongen. Men Christina greidde det, og kan føye eit nytt stunt inn i beltet sitt. Kvil deg no, Christina – det har du fortent!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Orientering: Verdensmester-samling og løp
21.09.2026