Er kvinner betre enn menn på løpsdisponering…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Finst det i det heile noko sikkert svar på kvar som er god disponering….
Vi skal sjå på nokre Velledalen IL-døme frå Oslo:
NJÅL TORILLSON TYSSING:
Har vore ute lenge med skade, og var nok usikker både på distansen og form. Halvegs låg han på fjerdeplass i M 40-44. Han enda som nummer åtte. Ein sterk prestasjon i talrik klasse:
Njål sine nøkkeltal - sluttid 1.18.46:
0-5 km: 18.59 (3.48 per km) – Roleg til Njål å vere
5-10 km: 17.21 (3.29 per km)- Njål trykker til
10-15 km: 18.07 (3.38 per km) – Det går framleis bra
15-20 km: 19.44 (3.57 per km) – Njål har fått det
20-21,1 km: 4.37 (4.12 per km) – Skal vere glad det er slutt.
KOMMENTAR: Alle som kjenner Njål veit han ikkje er nøgd med dette. Han prøvde med roleg start, men fekk det likevel mot slutten. Neste sesong er det M 45-59 som gjeld, og det må vere gledelg for Njål at vinnaren der var på 1.17-talet. Der kan han sjølv vere – og kanskje lågare - når vi skriv 2027…. om han får vere skadefri, vel å merke.
MARITA BJØRKELID ANDREASSEN:
Har trena godt i 2026 etter eit år med mykje trøbbel store delar av 2025. Persa på halvmaraton under Nyttårsmaraton i Ålesund mot slutten av 2025 med tida 1.48.09. Målet i Oslo var å slå den,
Marita sine nøkkeltal – 1.47.04:
0-5 km: 26.48 (5.22 per km) – Ekstrem roleg start
5-10 km: 24.33 (4.55 per km) – Aukar farta kollosalt
10-15 km: 24.55 (4.59 per km) – Held trøkket oppe
15-20 km: 25.10 (5.02 per km) – Ny pers er berga
20 – 21,1 km: 5.40 (5.10 per km) – Skal vere glad det er over.
KOMMENTAR: Marita greidde målet sitt. Ny pers med 65 sekund. Alle ekspertar ville truleg sagt at opninga 0-5 km var MINST minuttet for svak. Spørsmålet er; hadde ho slokna tidlegare med minuttet raskare fyrste 5 km. Marita vart nummer 31 i K 50-54. Neste sesong spring ho i K 55-59. Same tid i den klassa hadde utgjort 15 plassar opp i Oslo….
PER INGE BJØRNESTAD:
Har trena solid og mykje gjennom fleire år, men har siste 1-2 åra vore gjennom sin del av skadar. Men kom sterkt tilbake i 2026. Løpet i Oslo var hans tredje på distansen for året. Med 1.25.24 frå Jølster som best.
Per Inge sine nøkkeltal – 1.25.17:
0-5 km: 20.06 (4.02 per km) – Kontrollert opning.
5-10 km: 19.36 (3.56 per km) – Dette kjennest bra, tenkjer han
10-15 km: 20.14 (4.03 per km) – Framleis innanfor planane
15-20 km: 20.44 (4.09 per km) – Per Inge byrjar kjenne det
20 21,1 km: 4.39 (4.14 per km) – Glad det er over
KOMMENTAR: Dette er OK disponering. Og med ei sluttid på 1.25.17 – sju sekund raskare enn i flate Jølster – då må han vere nøgd. Og pussig nok; nøyaktig same tid som i 2024. Når ein er i klasse M 55-59, og ikkje taper seg i tid over ein periode på to år, då gjer ein mykje rett. Og ein sjetteplass i M 55-59 – i dette selskapet – er ein framifrå god prestasjon!
ELISABETH HETLEVIK:
Sorterer under Kongsberg-avdelinga saman med ektemannen Roger, men har hytte i Velledalen. Vi veit lite om korleis ho trenar, men nemner at ho i september 2025 kom inn på 1.55.04 i Oslo.
Elisabeth sin nøkkeltal – 1.49.53:
0-5 km: 26.54 (5.23 per km) – Seks sekund bak Marita.
5-10 km: 25.34 (5.07 per km) – Solid fartsauke
10-15 km: 25.35 (5.07 per km) – Held koken på glitrande vis
15-20 km: 25.25 (5.12 per km) – Æra er berga, vert ei fin tid
20 – 21,1 km: 5.55 (5.24 per km) – Men no er godt det er slutt.
KOMMENTAR: Inn til finfin14.plass i klasse K 60-64, fem minutt og 11 sekund raskare enn for eitt år sidan. Svært bra i Elisabeth sin alder. Vi merkar oss ein ganske roleg start, og elles svært likt løpsopplegg med Marita. Alt tyder på at å køyre «safe» ut frå start ligg i kvinnene sin natur.
Dette var litt stoff for spesielt interesserte. Kanskje er vi menneske så ulike på området løpsdisponering, at det beste er å prøve seg fram på eiga hand, og så drage eigne konklusjonar. Men vi kan vere samde om dette: Svir ein av i meste laget i ei tidleg fase, er det ikkje sikkert ein får fyr på lunta igjen seinare i løpet.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Orientering: Verdensmester-samling og løp
21.09.2026