Topp og breidde hand i hand

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. sep 2026

 

Kvar plasserte Velledalen IL sine raskaste menn seg i totalbilete..?

 

Dei fleste reportasjane hittil om Velledalen IL sine menn og kvinner frå Oslo Maraton har handla om breidde. Her kjem ei sak om toppane.

 

Om nokon plasserer seg mellom dei 100 beste totalt (altså uansett klasse), skal alle vere klar over at dette er ein formidabel prestasjon. Velledalen IL hadde to slike i Oslo sist helg. Njål Torillson Tyssing (halvmaraton) og Constantin Moses Rust (10 for Grete).

 

10 FOR GRETE (10 KM):

Her vart Constantin Rust nummer 36 totalt – av mange tusen deltakarar – og nummer 35 av alle menn. Han vart slegen av berre ei kvinne (Hanne Mjøen Maridal).

Constantin vart med tida 31.36 beste løpar som representerte nokon klubb i Møre og Romsdal.

Ser vi på området Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal greidde fire løparar ei topp-100 plassering:

32. Reidar Austrheim, Jølster IL, 31.21

36. Constantin Rust, Velledalen IL, 31.36

52. Arne Kalland-Olsen, Ålesund FIK, 32.40

53. Knut Olav Øygard, Jølster IL, 52.40

 

Stor honnør til Constantin, som kom rett frå hamstring-skade, og vart best frå Møre og Romsdal. 1,04 føre Arne Kalland-Olsen, ÅFIK.

 

HALVMARATON (21,1 KM):

Her hadde Velledalen IL Njål Torillson Tyssing inne mellom dei hundre beste totalt, også her mellom tusenvis av deltakarar. Her kom heile fem sunnmøringar inn mellom dei 100 beste, uansett kjønn og alder. Njål nummer 75 av desse.

Løparar frå Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal som greidde ei topp-100 plassering:

62. Bendik Vereide, Gloppen FIL, 1.17.52 (M 23-34)

63. Ola Valaas Jensen-Skare, Valder IL, 1.17.54 (M 35-39)

68. Erik Henriksen, Ålesund FIK, 1.18.07 (M 45-49)

75. Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 1.18.46 (M 40-44)

79. Stian Nedrelid, Volda T & IL, 1.18.55 (M 45-49)

95. Karl Idar Vik, Syvde IL, 1.19.42 (M 45-49)

 

Dette var Njål sitt fyrste løp etter ein lang «Jumpers knee»-skade. Sett på den bakgrunn ein glitrande prestasjon! Legg elles merke til den fine spreiinga av klubbar!

 

HEILMARATON (42,2 KM):

Ei stor øving for Velledalen IL sidan både debutant Johanne Hjortdal (4.30.19) og Oslo-trippel-debutant Christina Holmberg (4.26.41) fullførte med glans. Ingen frå Møre og Romsdal er inne på topp-100 lista på distansen.

Løparar frå Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal inne mellom topp-100:

84. Matias Navelsaker, Eid IL, 2.53.51.

 

Her kunne Velledalen IL hatt Hilmar, Njål og Espen inne på lista, men ingen av dei starta på distansen.

VIL-Nettsida sender ei spesial-helsing til Espen som er i ferd med å byggje seg opp att, mellom anna gjennom sykling i utlandet

Her skulle du ha vore, Espen!

 

VERDT Å MERKE SEG I DENNE SAKA:

Ikkje alle har eit klubbnamn bak namnet sitt. Dei opererer som klubblause. Ein del på desse resultatlistene gjer det, fleire til lenger ned ein kjem.

Står der så i resultatlista: Lars Pedersen, 2.36.19 på maraton-distansen, forstår alle at kvar denne Lars Pedersen er heimehøyrande, ikkje let seg gjere å plassere.

Difor kan her vere nokre få feil i denne oversikta


Logg inn for å skrive en kommentar.