SMÅNYTT FRÅ LØPSFRONTEN

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. sep 2026

 

Relativt liten aktivitet på løpsfronten helga 19.og 20.sept. Men neste helg eksploderer det igjen.

 

Stian Hole spring i København

Denne helga vert ei ganske så stille helg på løpsfronten lokalt. Men det er halvmaraton i København, med ganske mange sunnmøringar i startfeltet. Mellom anna fylgjer VIL-Nettsida spent med på Stian Hole. Han spring halvmaraton der den 20. september. Rykte seier at han tek oppvarminga - ein 5 km saman med kona - i same by på laurdag den 19.sept. Stian har bestetid på 1.25.58 på halvmaraton frå Jølster i juli 2026. Om helse og temperatur spelar på lag, trur Nettsida at han trykkjer seg under 1.25.00 i den danske hovudstaden.

 

Vidare skal det vere  Backyard Ultra Ålesund laurdag 19.september med start 10.00 ved Skarbøvik stadion. Arr SIF/Hessa og Bedriftsidretten Midt Norge. Eitt døgn før start står tre VIL-utøvarar på deltakarlista, nemleg May Evy Nesheim, Eldar Sindre Valkvæ og Hilmar Bjørkheim (Kråkenes). Av desse tre veit vi at Hilmar stiller ikkje. Ragnfrid Aamodt, Funkfit Sykkylven, er mellom dei påmelde.

 

Men helga etter, 26. og 27. september, vert det ein eksplosjon av lokale løp. Vi nemner:

Sørestrandmila – sju frå Velledalen IL påmelde hittil – vert nok mange fleire

Rauma Backyard Ultra – Sverre Kjerpeset påmeld frå VIL.

Torvikbukt Rundt

Vardeløpet til Von (Langevåg)

Storhornet Opp (Godøy)

Romsdal 5/10/halv

Nattland Backyard Ultra (Bergen) – Hermann Furland påmeld frå VIL (nær 400 påmelde).

 

MELDING OM SKIFTE AV ETTERNAMN:

Hilmar har sendt oss ei melding i høve skiftet av etternamn. Frå Kråkenes til Bjørkheim. Han skriv:

  • Det nye namnet er Hilmar Bjørkheim. Eg har sett Kråkenes midlertidig i parentes, men vil ta det vekk om nokre dagar. Bjørkheim er mor mi sitt namn.

 

Vidare skriv Hilmar at kroppen kjennest bra etter Ultra Backyard-løpet i Bergen nyleg, der han vann. Han hadde mykje igjen, og at sisterunden i Bergen gjekk 10 minutt raskare enn dei 31 fyrste:

  • Blir ingen løp i helga, sjølv om eg er påmeld Backyard på Hessa i Ålesund. Satsar på å bli med på Gloppen halvmaraton fyrste helg i oktober (er påmeld). Kanskje kjem eg meg under 1.18 der. Trur eg sjeldan har vore i betre fysisk form.

 

Nettsida håper fleire slår fylgje med Hilmar Bjørkheim til Gloppen.

 

MELDING FRÅ SVERRE KJERPESET

Sverre har sett nye personlege rekordar på det meste denne sesongen. No fortel han at han er klar for Rauma Backyard Ultra (26.sept):

  • Nærmar seg med stormskritt eit nytt Backyard Ultra-løp (Rauma 26.sept). Kjenner på kroppen at eg har trena bra og er i god rute. Rekorden min på eit slikt løp skriv seg tilbake til 2024. Då hadde eg ei total løpstid på 7 timar og 40 minutt på 80 km. Eg har eigentleg tenkt å gå inn i dette løpet utan å melde noko, eller ha noko ynskje om tid/prestasjon. Sjølvsagt vil det vere kult å greie  fullføre alle 80 km. Pluss at det vil vere ei svært god erfaring å ta med seg mot «Årets Mål» i 2027, Svelvik «last man standing». No har eg helga att, så er det meste av form-topping gjort. Etter det er det berre å lade opp mot laurdag 26.sept – særdeles spent og gira!

 

Altså ei veke att til Sverre sitt løp, men vi ynskjer hell og lukke når tida er koma!

 

OLE ROBERT STRØMME TILBAKE

Åtte dagar før startskotet vert løyst for Sørestrandmila haust, har det kome 19 namn på lista over påmeldingar. God spreiing og ganske mange ukjende namn – flott. Men ekstra gledeleg; der har kome eitt namn VIL-nettsida har sakna heile sesongen, nemleg Ole Robert Strømme i klasse M 35-39. Distanse 5 km.

     Ein må vel ha lov å kalle dette eit come back, og for Henning Tandstad og hjelparane hans i friidrettsgruppa må det vere ein særs gledeleg gjenkomst. I 2025-sesongen feia Ole Robert gjennom 5 km, Sørestrandmila haust, på 16.45, og han gjorde halvmaraton på 1.20.18 i Jølster. 5 km tida til Ole Robert var den raskaste VIL-tida på landeveg i 2025 (Njål og Anders Westrheim raskare på bane), medan halvmaratontida (1.20.18) var fjerde beste VIL-tid i 2025.


Logg inn for å skrive en kommentar.