I dag hyller vi Eldrid – ei dugande kvinne fyller 70 år

Postet av Atle Jomar Hole den 24. Mai 2024

Ein skulle ikkje tru det, men faktum er at Eldrid Nikoline Berli Myhre – i Larsgarden på Brøvoll – fyller 70 år 24.mai.

 

Vi finn stoff om Eldrid Berli (som var jentenamnet) i Velledalen IL sitt arkiv allereie i 1968. Frå skirenn høgt oppe på resultatlistene, som utøvar for Valldal IL. Men faktum er at alt året før (1967), kunne ein lese at guten som skulle bli Eldrid sin ektemake, Asle, dreiv i same bransje. Og sidan Asle også er 70 års jubilant i 2024, skal vi på kona sin 70 års dag, gjere litt rettmessig stas også på nettopp han.

 

Resultat KM langrenn 1967, arrangør Velledalen IL

Gutar 12 år (17 fullførande) – dei ti beste:

  1. Ingmund Eliassen, Ikornnes, 19.45
  2. Kåre Johan Ekornes, Ikornnes IL, 22.19
  3. Asle Myhre, Velledalen IL, 22.45
  4. Nils Martin Romestarnd, Vartdal IL, 22.52
  5. Geir Brunstad, Velledalen IL, 22.55
  6. Ivar Arne Årsæter, Ørsta IL, 23.22
  7. Trygve Kristoffersen, Langevåg IL, 25.08
  8. Steinar Barstad, Vartdal IL, 26.25
  9. Leif Rebbestad, Ørsta IL, 26.41
  10. Inge Braut, IL Ravn, 26.47.

 

Om det var i løypa unge herr Myhre plukka ut Eldrid som eit dugande kjerringemne vitast ikkje. Men suksess vart det, ein treng ikkje ha studert i utlandet for å kunne slå det fast. Eldrid har vore god støttespelar i gardsarbeidet, i heimen, pioner i kvinnefotball og ei som ser viktigheita av å halde kroppen i god fysisk form.

 

Då VRF starta opp med kvinnefotball for over 40 år sidan var Eldrid (saman med Bjørg Frøystad Hole) pioner på laget. Frå plassen som keeper vart det eit høgt tal kampar. Og ho fekk æra av å spele mot ei kvinne (sjå foto) som hadde vore fotballproff i Italia. Og ho hadde andre verv enn spelar innan fotballen. I 1996 sat Eldrid og Bjørg som sportslege leiarar for kvinnefotballen i VRF.

 

Eldrid er ein flittig «gjest» på sirkeltreningane til Janne Tomtum i Velledalen grendahus. Ein kan ofte møte henne på ski i Ladalen, eller på sykkel-eller fotturar. Ho ser heller ikkje mørkt på å springe Konradløpet. Talet startar i løpet er 13. Bestetida(23.39) gjorde ho som 58-åring. Fire år seinare som 62-åring hadde ho berre vorte fattige to sekund mindre rask (23.41). Som 65-åring gjorde ho tida 24.01, i eit løp ho også fullførte året ho passerte 70 år (25.36).

 

Eldrid har i heile si tid i Velledalen vore ein trufast støttespelar for Velledalen IL. Ho har aldri vore tung å be om hjelp til ulike arrangement

Ikkje minst difor, er det på sin plass med nokre få velfortente ord på 70 års dagen:

HIPP, HIPP HURRA for Eldrid Nikoline!

 

Idrettsvener i Velledalen IL

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.